hits

Sykkelenke

Har akkurat glefsa i meg kjøpepizza med min kjære som er innom no og då for tida. Det er sykkel NM så det helde her, og eg kan vel sei etter to arrangementsdagar (av sju) at det er noko heilt anna enn friidretts NM. Det er opprigging og nedrigging av scene, start / mål, stenging av vegar, følgjebilar, ein horv med ryttarar og mange mil med sykling. Føler meg nesten som ei sykkelenke.

Vel, eg fekk ein time til rådighet istad. Den brukte eg til bakkeintervall. Det starta fint med sol og varme, men så opna himmelen seg fullstendig og regnet hølja ned. Brr...Det  blei difor ei litt sur trening på slutten.

Har trena bakkeintervall ein gong i veka heilt sidan januar og merkar at det har gjort godt for kondisen. Løpte ein 10 kilometer på mølla forrige veke berre for å teste ut korleis det stod til. Då var det fleire månadar sidan sist eg løpte inne. Tida var ikkje noko å snakke høgt om, men kondisen har heva seg betrakteleg. Og litt motivasjon treng ein mosjonist også innimellom.


Måtte ha oss ein tur på Veidekkelekene på Stampesletta i går. Eg var sjølv 13 år første gong eg deltok på det same stevnet, og den opplevinga hugsar eg den dag idag.

Snart går turen til barnehagen som Noah skal begynne i 17. august. Då er han 10 månadar, og eg kvir meg litt til den dagen. Blir rart å levere han frå meg, men greit å møte dei andre foreldrene og dei ansatte i god før oppstart.

Ha ein fin måndagskveld.

Springerinneklem

 

 

 

2 kommentarer

Navn

22.06.2015 kl.17:44

Super duper blogg du har :) masse fine bilder og innlegg :) hva er dine beste treningstips? Kan du lage mer av sunn oppskrifter til mat (lunsj og middag)? Hvorfor blogger du? Hadde vært koselig om du tok en tur innom min blogg :) ha en fin dag videre :)

springerinne

22.06.2015 kl.21:05

Navn: Tusen takk det samme.:) Mine beste treningstips ja. Då kan eg ramse opp mange tips, men det beste er vel at treninga skal være ei glede i kvardagen. At du synes det er moro, kjenner at å bevege seg gjer godt og ikkje få dårleg samvit om lysta seier nei og du legg deg i sofaen istadenfor. Altfor mange opplever at treninga blir rein tvang og då er ikkje noko moro lenger.
Eg bloggar fordi eg elskar å skrive, og formidle det eg har på hjertet.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv