hits

Spennande

No er ei veke med Sykkel NM over på Lillehammer, og dei lokale gjorde eit fantastisk meisterskap. Utruleg moro å sjå, og spesielt når den du bur med har jobba både tidleg og seint for å få til dette.

 

Eg har som sagt ikkje sett mykje til min betre halvdel den siste tida, men heldigvis fekk eg besøk frå Stavanger i helga. Eg blei kjend med Ragnhild då eg sjølv budde i Siddisbyen for ein del år tilbake, og sidan den gong har vi vore gode venninner.


I går kveld lagde Ragnhild( til venstre) og Marte(  mi gode Lillehammer venninne til høgre) vårrullar. Eg har fått litt dilla på det etter ein Hellstrøm episode på TV3, og er det noko eg diggar ein fredag eller laurdagkveld er det å mekke saman mat ilag med gode venninner.

Det smakte betre enn det ser ut:) Hadde sjølvsagt ris, chilisaus og soyasaus til:)

Så venta siste NM dag i sykling. Noah skjønar sjølvsagt ikkje så mykje av det som skjer, men smiler likevel. Moro å sjå korleis sykkelsporten er samanlikna med friidrett ( som eg er mest vane med). Litt meir ståhei rundt sykkel enn friidretten gitt.

Vi fekk sjå rytterane mange gonger i sentrum. Fysøren så fort det går:)


Heia,heia..

Komande veke betyr bokskriving for min del. Det er åtte dagar att til ferie i Bulgaria, så eg er berre nøydd å sette meg i ro og mak med manuset som skal leverast 1.august. Har skreve mykje, men det er også ein del att før eg har fått ei heilheit på alt saman.

Ynskjer dåkke ein fin søndagskveld vidare.

Springerinneklem

Én kommentar

Hørtes skikkelig koselig ut.:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv