hits

Kule, lette og komfortable

Å hente pakke i posten er like moro kvar gong. Eg hadde med andre ord nokre "kjekke" minutt når eg henta bestillingsvara i går.

Nike Free Flyknit 4.0 sit som eit skudd på foten. Flyknit står for sømløst meshnett om dåkke skulle bli litt klokare av det.
Skoen veg 184 gram i str.39, har eit hældropp på 6 milimeter og medium bredde i foten.

Eg kjem ikkje til å springe i dei. Då vil beina garantert skrike i smerte etter ei stund. Denne redselen har forverra seg voldsomt etter ein operasjon av Haglunds Hæl med berre to vekers mellomrom i -09. Kirurgen kunne ikkje love at dei ville spele på lag med meg resten av livet, og det har han nok heilt rett i. Eg orkar derimot ikkje tanken på å gjere dette opp att, då minna frå 2009 ikkje er av dei beste. Sjølv om eg har det fint med meg sjølv samanlikna med den gongen, skremer det meg å legge meg under kniven og være ute av stand til å springe på 6-7 månadar. Det er jo sjølvagt ikkje verdas undergang, men det skal gjere veldig låkt om eg veljer operasjonsbenken.

 



Nesten som ein sokk på foten.






Må jo ha litt knæsje fargar på beina også:)

Ynskjer dåkke ein fin dag vidare. Her ventar fire saker som Dagbladet skal ha innan søndag.

 

Springerinneklem

 

9 kommentarer

Stine Tokle

29.06.2015 kl.13:33

Kjempefine sko :D Liker farga!!
så freshe de var, elsker nike sine sko! Hadde satt kjempe stor pris på om du tok en titt innom min blogg også! Håper du får en kjempe fin dag videre :)

Maike

30.06.2015 kl.23:28

Ville du anbefalt desse skoa som løpesko eller mest hverdagsko? Leter nemlig etter nye treningssko ;)

springerinne

01.07.2015 kl.16:26

Maike: Heilt klart hverdagssko dersom du ikkje er vane med lite demping og ein tynn såle.:)
Eg brukar dei også til styrketrening:)

k

02.07.2015 kl.18:23

veldig kule! Er hælene dine helt bra i dag? Vet du om det er vanlig å måtte operere igjen senere? Setter stor pris på svar :-) ellers tusen takk for en super blogg!

springerinne

03.07.2015 kl.11:15

k: Heisan, nei den eine er blitt vond igjen. Var bra lenge, men no nå eg har begynt å springe ein del har smertene begynt å komme tilbake. Det er iallfall ikkje uvanleg at ein må operere fleire gonger. Eg vurderer det til hausten viss det blir verre. Ynskjer ikkje å gå gjennom resten av livet utan å kunne gjere det kjekkaste eg veit, å løpe.

k

03.07.2015 kl.14:23

så trist å høre! Det forstår jeg veldig godt. Jeg har lest at det ofte vokser ut igjen etter hvert og blir smertefullt ved løping fordi man ikke fjerner årsaken ved kirurgi, som kan være stram sene, type fot eller biomekanikk, så det er derfor jeg lurer. Håper den blir bra igjen og du slipper operasjon :)

springerinne

04.07.2015 kl.19:20

k: Ok, det kan godt hende. Eg avventar og ser. Føtene fugerer bra når eg er flink å ta regelmessige fridagar.Idag hadde eg ei god intervalløkt, men det var truleg fordi eg tok løpefri i går. Sikkert ilt viss eg prøvar att imorgon.

K

05.07.2015 kl.10:44

Lykke til videre, håper det løser deg og du slipper smerter og operasjon :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv