hits

Første ferie med barn

Det er heitt om dagen, og ennå heitare skal det bli i Bulgaria. Det blir min første ferie med eige barn (+ to herlege bonusbarn) og jammen er det litt meir å pakke enn før gitt. Har handla inn godt med bleier, badebleier, morsmelkerstatning, graut, og smoothisar. Solkrem faktor 50 er med, solhattar, lyse lette kle, pute til flyturen, paracet, nasedråpar, febermålar, smokkar, smekker, drikkekopp. Himmel og hav. Det er jo ein stor bag i seg sjølv.


Noah har bada og kosa seg her på terrassen desse dagane og elskar det våte element. Blir morsomt å sjå han med andre barn også. Eg gruar meg likevel litt. Både til flyturen og det å være i eit anna land med andre bakteriar. Flyturen fordi eg sjølv er blitt meir og meir redd for å styrte, andre land fordi eg er redd han blir sjuk og må på sjukehus. Veit ikkje korleis det er i Bulgaria, men satsar på at alt går fint. Kan jo ikkje bure oss inne her heller.

 Ynskjer dåkke ei fin helg vidare:)

 Springerinne og Noahklem

 

 

 

 

 

4 kommentarer

Kos dere masse! :D
Håper dere koser dere masse.:)

Guro Eriksen

10.07.2015 kl.10:13

Jeg tror det kommer til å gå fint med dere på tur, det virker som du har full kontroll på alt (som det er mulig å ha kontroll på).

God tur og kos dere masse i varmen! :)

springerinne

10.07.2015 kl.17:16

Guro Eriksen: Takk, som du snart ser i innlegget hadde vi nok ikkje full kontroll på alt, men det kan ein vel aldri få:) Går bra likevel:)
Kristin

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv