Snart ferdig med boka
Det er 15 dagar att til eg skal levere boka eg har jobba med sidan i vinter. Dvs. eg fekk oppdraget i fjorhaust, men starta ikkje for alvor før i vinter. Eg treng å kjenne at det ikkje er så lenge til for å klare å setje meg ned. Og akkurat det har eg verkeleg fått kjenne den siste månaden.
Måten boka er skreven på er todelt. No er eg ferdig med den eine delen, og godt i gong med den andre. Sidan boka blir på nynorsk (Samlaget Forlag er eit nynorsk forlag) har eg faktisk vore nøydd å bruke ordlista frå bokmål til nynorsk. Det er litt rart for eg snakkar jo dialekta mi kvar dag, men sidan alle media eg har jobba med har gått på bokmål har eg gløymt mykje av den rettskrivne nynorsken. Greit å få skjerpa den også.
Dagane etter Bulgaria ferien har foregått i heimen, hos legen og på legevakta. Noah har fått ein virusinfeksjon og augekatarr. Eg har også eit snev av det same, men ikkje slik som vesleguten. Eine auget er heilt samanklistra, og eg får heilt vondt i meg av å sjå at han har vondt. Uff, og meir blir det vel når han begynner i barnehagen om ein månad.
I går måtte eg berre ut og jobbe litt i hagen. Kjøpte duk og bark på Plantasjen og sette igong. Synes det er så moro å endeleg ha ein stor hage å sysle med, så det blir nok ein tur til Plantasjen att ganske raskt.
No skal vi berre slappe av og kose med sjuklingen vår. Skulle berre ynskje han snart blei heilt fin att.
Springerinneklem
Lena
16.07.2015 kl.17:38
Ønsker dere en flott kveld videre, og lykke til med boka di.
Jeanette
16.07.2015 kl.17:53
Madeleine
16.07.2015 kl.18:16
Maike
16.07.2015 kl.21:31
springerinne
18.07.2015 kl.16:54
springerinne
18.07.2015 kl.16:55
springerinne
18.07.2015 kl.16:55
springerinne
18.07.2015 kl.16:55