hits

Update

Heisan, det er ikkje så mykje anna enn skriving eg driv på med for tida. Dvs. på dagen er det Noah som får all oppmerksomheit. På ettermiddagen lånar eg kontoret til min kjære for å skrive boka ferdig.



Vi starta dagen med ein løpetur. Noah skravla i vogna og kosa seg der han sat og slappa av, medan mor pusta og pesa bak. Eg er blitt godt vant til babyjoggeren no, så det gjer meg ingenting å løpe rolege langturar med den. Det er litt verre med intervall. Då treng det planleggast, for å dytte den vogna opp ein lang bakke er uaktuelt.

Treninga har ikkje vore det store fokuset siste vekene. Eg har løpt litt, men ikkje så mykje som eg ynskjer. Det trur eg på ei anna side er like greitt, då desse beina ikkje tåler all verda lengre. Hadde eg vore tipp topp frå livet og ned, ville eg nok prøvd meg på ein sesong på løpebana att, men eg skjønar at det er umogleg. Det er rart med det, men det hadde vore så moro å få oppleve ein løpesesong som frisk før eg blei 40....Men, men..eg har fått den største gåva, så eg kan ikkje forlange meir.


Noah er i drivande utvikling for tida. Etter ei veke med augekatarr og mykje soving ( og skriking) kryp han fort som berre det bortetter golvet, og prøver seg på å stå. Grinda og senga har blitt senka, for elles ville han nok landa hardt på golvet om få dagar. Det er verkeleg moro å sjå utviklinga. Det eg derimot gruar meg til om dagen, er oppstarten i barnehagen om tre veker. Uff...Eg vil garantert felle ei tåre når eg går ut porten....uff...Tenk at eg skulle bli ei slik " hønemor".


Mormor og morfar på besøk i går:)

Jaja, no veit dokke kvifor det ikkje kjem så mange spennande innlegg for tida. Det er boka som gjeld dei neste dagane.



Springerinneklem

 

3 kommentarer

Maike

29.07.2015 kl.20:07

Lykke til! Stå på med skrivingen, du er snart i mål ;)

L

30.07.2015 kl.07:40

Lykke til med siste innspurt! Gler meg til å lese :)

springerinne

03.08.2015 kl.17:52

L: Så hyggeleg at du vil lese:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv