hits

Dette krangler ekspertene om

Eller gjer dei eigentleg det?
Vel, det kan du lese om i saka eg har skreve i dagens Dagbladet ( papir). Du finn den også på nettet ( kjøpesak) ved å klikke HER

Eg blei veldig glad då kontaktpersonen min i Dagbladet fortalde at papiravisa hadde valt å publisere saka. I utgangspunktet er det nettsida deira eg skriv for, men av og til vert sakene publisert begge stader.

Denne månaden har eg forøvrig fått utdelt seks saker og eg kan ikkje vente med å begynne. Den eine er allereie levert, og vil publiserast neste torsdag. Elskar å skrive treningsstoff og ingenting kjennes betre enn å få tillit frå den største avisa i landet ( saman med VG sjølvsagt).

 

Dagens knips:

Må bruke sommardagane for det dei er verd. Her har vi sett opp badminton nett i hagen. Deilig avveksling frå dei vanlege husmorsyslane.:)

 


Noah har oppdaga traktoren. Det er guten sin det. Han begynner forresten i barnehage om berre få dgaar. Mor gruar seg litt..


Koseguten:)




Ei rask tomatsuppe kan være middagsredninga av og til.

Ynskjer dåkke ein fin dag vidare.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv