hits

Mamma og stemamma på same tid

Her kjem eit personleg innlegg, som verken handlar om spiseforstyrrelsar eller treningstips. Det handlar om det å bli mamma og stemamma på same tid.
For snart 1 år sidan flytta eg frå ein kvardag med meg sjølv og hunden min. Vi budde på 42 kvm. og hadde eit roleg liv. Eg var gravid i 8 månad då eg tok steget og flytta til min kjære på Lillehammer. Her venta eit hus på 200kvm. og ein tilværelse som stemamma til to barn annakvar veke. I tillegg kom Noah ein månad etter flyttinga. Ein stor overgang. Eit heilt nytt liv.



Noahgutt som har  fått to flotte halvsøsken..

No har det første året snart gått. Eit år eg aldri ville vore forutan, men også eit år med mange nye oppdagelsar. Eg hadde jo ikkje ein villaste anelse på kva eg begjekk meg utpå. Heldigvis har dei positive dagane vore langt fleire enn dei negative.

Å bli mamma er vanvittig stort. Det er så mange følelsar og ikkje minst bekymringar. Det går sjeldan ei veke utan at eg har mareritt om at det skal skje noko med Noah. Det er like vondt kvar gong, men eg reknar med det er pga all kjærligheten som er mellom oss.
Så var det rolla som stemamma. Den er også heilt ny. Og slett ikkje like enkel alltid. Kor mykje skal eg tørre å seie frå? Tenk om dei ikkje likar meg? Kanskje dei synes eg er den verste dama på heile jordkloda? Uff, det har vore mange tankar og eg innrømmer at det var tøft dei første månadane. Vi skulle tross alt bli kjent, og opp i det heile regjerte ein heilt ny sjef i huset.

 


Mykje liv innanfor desse veggane her..( ikkje heilt ferdigmåla nei..:)


Frå "1,5" til 5 annankvar veke...

Heldigvis har alt gått seg fint til. Eg gler meg til dei to kjem når veka har gått. Det blir alltid liv i heimen då, og sjølv om det kan leve litt ekstra mellom dei fire husveggane kunne eg ikkje vore det forutan. Eg har begynt å trives som stemammaen.

Eg tenkjer av og til på korleis eg ville reagert viss Noah skulle få ein stemamma. Eg ville nok vore veldig skeptisk og garantert veldig sår over at nokon andre skulle ha ansvaret annakvar veke. Faktisk synes eg det er såpass vondt å tenkje på idag, at eg veit ikkje korleis eg hadde reagert.

Uansett, så er dette noko eg sjeldan les om verken på bloggar eller i media. Korleis det er å være stemamma, og korleis det kjennes for den ekte mammaen. Det burde snakkast meir om sidan det er så utbredt. Eg trur iallfall mange sit inne med følelsar rundt dette.


Stritt lys..

Vel, eit lite hjertesukk frå meg ein torsdagskveld. Nokre timar før stemamma-rolla skal ha fri ei veke.

Springerinneklem

 

6 kommentarer

laylow x 👀

13.08.2015 kl.20:44

Flott innlegg og fine bilder vennen ;*

springerinne

13.08.2015 kl.22:15

coka: Tusen takk:)

Trude

14.08.2015 kl.07:35

Fine og viktige tanker!

Maike

14.08.2015 kl.08:35

Kjempe bra innlegg! Veldig interessant å lese om tankene dine rundt dette. Ha en fin dag ;)

springerinne

15.08.2015 kl.21:06

Maike: Tusen takk Maike:)

springerinne

15.08.2015 kl.21:07

Trude: Åh takk Trude. Hyggelig med kommentar frå deg. Håpar dokke har det bra:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv