hits

Mat som vekker minner

Å ete mat som vekker barnlige minner set eg meir pris på enn nokon gong. Då eg var sjuk var eg nesten redd for slik mat då eg forbandt det med tung kost samt sausar og rømme. Idag er dette gourmet for ganen, og eg tenkjer ikkje på denne maten som verken feit eller usunn.

Det var difor fantastisk deilig å få servert sjølvfiska fjellørret med Noah si bestemor og "stebestefar".

Raud i kjøtet og blank i skinnet:)


Poteter, gulrot, agurksalat og rømme er tilbehøret eg også er vaksen opp med. 

Bestemor i full gang med å servere Noah fiskemiddag. Det gjekk raskt ned for å sei det slik. Ingenting å sei på appetitten iallfall.






Kompisar: Noah blei raskt nysgjerrig på den hårete skapningen i heimen. Idag er han litt for frampå, og slår rundt seg med hendene. Her er det rett nok ei dør mellom dei. Kanskje like greit innimellom.

I morgon kjem min kjære att. Trur ikkje det berre er meg som smiler STORT då:)

Springerinneklem

P.S Må få gratulere mi kjære svigerinne med dagen idag:)

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv