hits

Ny epoke

No er det gjort. Første dagen i barnehagen. Noah smilte og leika som vanleg. Ein del studering av nye ansikt første 10 minuttane, men så var han blid som ei sol. Eg trur likevel ikkje det blir så enkelt når mamsen eller papsen reiser igjen.

Det blir rart å være borte frå han når den tid kjem, men eg trur han vil digge det etter kvart. Har ein følelse av at han "kjedar" seg litt her heime med mamsa innimellom.




Føler meg trygg på den nye arenaen til vesleguten. Dei ansatte er erfarne og godt vaksne. Ingen dårleg kombinasjon.

 

 

Beklager litt mykje barnestoff her, men eg klarar ikkje å la være heilt heller.

Ynskjer dåkke ein soldag vidare. Eg skal benytte anledninga til jobb medan Noah tek "skjønnhetssøvnen".

Springerinneklem

2 kommentarer

Sara

17.08.2015 kl.21:30

Du trenger da ikke beklage for at det blir barnestoff. - Takk for at du deler, så vi får se hvordan du har det på Lillehammer :) Gleder meg på dine vegne <3 Stor klem

springerinne

18.08.2015 kl.22:03

Sara: Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv