hits

Salaten og eg


Vi hadde eit tett forhold lenge, salaten og eg. Vi møttes kvar dag. Du blenka med salatblada dine, og klappa i hendene når du fekk besøk av kylling, egg og cottage cheese. Mange spurde om eg ikkje var lei deg. At eg ikkje kunne prøve å byte deg ut med kjøtkaker nokre gonger. Men nei, du var den einaste saman med treninga som gav meg godt samvit.

 

Forholdet vårt blei svakare etter at eg fekk hjelp for tvangstankane om mat og kropp. Du smakte ikkje lenger så godt, du freista meg heller ikkje til kvart måltid, kyllingfilten som før kunne mette litt, metta ikkje lenger.  Eg ville ha meir enn det du kunne tilby.




Det tok meg nesten to år før salaten smakte godt igjen. Den sjuke tida var over, og dei vonde minna blei bearbeida meir og meir.

Vel, om dokke ser stod pasta og kyllingsalat på menyen idag. Salatblada mest for pynt, det andre for å bli forsynt.
Oppskrifta er frå dagens innhald i heimen.

  • Pasta penne
  • Kyllingfiletar i sur søt saus
  • Plommetomatar
  • Tre forskjellige salatar
  • Fetaost
  • Ananas
  • Litt olje
  • Balsamico creme
  • Salt/ grov pepper


Steik kyllingfiletar. Bland inn sursøt chilisaus ( trur grønn eller raud pesto er betre), kok pasta penne og bland inn olje etter ferdig koking ( og sjølvsagt etter vatnet er tømt), skjær tomatar i skiver, del opp fetaost i terningar, hakk salat og tilsett ananas. Bruk balsamico creme på toppen.

Springerinneklem

P.S

Dagens knips på veg heim frå barnehagen ( har gjort seg kjend med sandkassa). Plaster har vesleguten også fått:)



Én kommentar

20.08.2015 kl.20:40

Uff, kjenner meg så altfor godt igjfn. Kesam og cottage er det eneste som gir meg fri fra tvangstanker foruten trening. Et sørgelig liv egentlig. Så glad du er blitt frisk!!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv