hits

Motivasjon til tusen

Eg var ein tanke spent på toget til Oslo idagtidleg. Der venta to møter; det første med Samlaget Forlag. Det andre med Dagbladet.

Med forlaget: Manuset eg hadde levert var nesten klart til å trykkast, noko dei ikkje var vane med etter 1.deadline. Eg vart litt overraska, ettersom eg er vane med å levere ferdig stoff til ein viss frist. Uansett var det berre veldig positivt, så no står det att detaljar som skal finpussast innan 1.oktober. Derifrå tek markedsavdelinga over jobben. Vi tenkjer oss lansering på ein stad i Oslo eg har mange minner frå. Nokon som klarar å gjette kor?

Gode ord som varmar i eit skrivehjerte...

Stolt jente som snart skal få bokdraumen sin oppfyllt.

Dagbladet: Frå Samlaget gjekk turen vidare til Dagbladet sin redaksjon i dei nye lokala til Aller Media( med blant andre Magasina KK, Henne, Se og Hør, Allers..). Der venta fleire oppløftande nyheiter. Dei vil bruke meg enno meir framover, og fortalde at sakene eg har skreve har solgt veldig bra, spesielt treningsprogramma. Så då er det berre å forsette med meir løpe, sykkel og langrennsstoff.

Sjølv om eg ikkje kan leve av Springerinne enno, gjev oppdraga idag enormt med motivasjon. No står ei investering av speilreflekskamera for tur, og innredning av heimekontor litt lenger vekke frå kjøkenet. Ikkje alltid like enkelt å konsentrere seg når det spring fleire barneføtter like rundt øyra.

Gjett om Springerinna smiler på toget no!!

2 kommentarer

Erik

02.09.2015 kl.18:43

Flinke Kristin, gleder meg til boka !

Elise Fagerheim

02.09.2015 kl.21:37

Du er utrolig dyktig! Håper du feirer litt i kveld😊

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv