hits

Nokon som kan hjelpe?

Eg har tenkt på det lenge, men enno ikkje gjort noko med det. Å investere i eit speilreflekskamera som kan ta bilder i bevegelse. No føler eg tida er inne.

I går tok eg difor turen til Japan Photo. Der kunne eg berre velge og vrake i flotte modellar, men det kostar. Kamerahuset er ein ting. Du treng i tillegg ei linse eller to, ein blits, eit minnekort, batteri og fotobag.  Eg gjekk difor tomhendt heim. Det blei for mange valg, og for høge prisar.



I arbeidslivet har eg vore vane med Canon, så for å gjere det enklast mogleg leitar eg etter eit kamera i det navnet. Har du eit som du vil selge ( med tilbehør)eller kjenner du nokon som har eit kamera til salgs tek eg imot tips på kriroset@gmail.com. Eg køyrer ikkje halve Norge rundt for å hente det, men kan betale frakta dersom kjøpet er bra.

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv