hits

Office Springerinne

Heisan, no har eg endeleg fått mitt vesle kontor. Skrivepulten har eg skrudd saman sjølv etter mykje pusting og pesing. Blir ikkje alltid klok på teikningane som følgjer med desse flatpakkane, men puslespelet tok heldigvis ein ende til slutt. Deilig å sleppe datamaskin og ledningar saman med Noah sine brødsmular på kjøkenet.

Min vesle kontorkrok:)

Eg er blitt vane med å arbeide sjølvstendig, så eg har ikkje problem med å få ting gjort. Det hjelper sjølvsagt at eg diggar journalistjobbinga, og at det eg skriv om er midt i interessefeltet.

 

 

Neste frist er å bli ferdig med boka innan 1.oktober og mykje av stoffet til langrennsmagasinet Leasplan Tigers til same dato. Det betyr iherdig jobbing, og sidan min kjære reiser til USA på VM i sykling neste veke bør eg ha det meste gjort denne veka.

I går var eg på foreldremøte etter at Noah starta i barnehagen. Tenk at han har gått der i ein månad allereie, og snart er han blitt heile 1 år. Eg ser store endringar den siste tida. Han er superaktiv og sit sjeldan stille. Tenna har derimot ikkje vist seg, så han tygg brødskiver med berre gommane. Jaja, dei kjem nok. Enn så lenge får eg passe på mine eigne, og om to dagar ventar ein avtale eg overhode ikkje gler meg til. Ja, det er tannlegen. Eg har venta altfor lenge no, men var det opp til meg hadde eg nok venta lenger. Det ville derimot ikkje min kjære ha noko av, så han bestilte likesågodt time til meg. Uff...det blir ikkje moro.



Halvparten går på golvet, men ein stad må ein vel berre begynne:)

Vel, ynskjer dokke ein fin dag. Her regnar det, så det er lett å halde seg innandørs.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv