hits

Til topps

For eit år sidan hadde eg med Noah til topps på Neveltoppen (trykk på linken). Trukje han hugsa så mykje frå det då han låg godt i magen min. No eit år etter vil han vel heller ikkje hugse så mykje, men bilder skal han få sjå:) For min del blei det ein litt lettare tur enn då eg var i 9.månad.


Eg har aldri prøvd bæremeis før, men etter dagens lån av mi gode venninne Marthe, kan eg vel sei at det freistar til gjentak. Både Noah og eg kosa oss iallfall veldig.




Ein ting bør eg derimot snart lære. Lette løpesko på haustfjellet er ikkje det beste.....himmel og hav. I ein alder av snart 36 år og vaksen opp på Vestlandet burde eg vel unngå slike "feil"...





Dei to beste gutane♥


Noah med helgefrukosten: Brødskive og kokt egg

Sprinngerinneklem♥

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv