hits

- Jeg er gravid. Hvor mye kan jeg trene?

Å bli gravid for første gong er alltid fryktleg spennande og litt skummelt. Ein veit overhode ikkje kva som ventar ein, men felles for oss alle er redselen for å misse det vesle nurket som veks i magen. Difor er det ikkje rart at ein stiller spørsmål til kor mykje ein eigentleg kan trene. Eg fekk eit spørsmål om dette på mail i går. Jenta var vane med å springe ein del frå før og lurte på om dette var greitt å fortsette med. Eg skal forsøke å svare så godt eg kan basert på eiga erfaring og litt kunnskap rundt område.


Dagen etter termin..

Som ei aktiv jente sjølv håpa eg at formen min skulle bli så god at eg kunne få trene nokolunde normalt under graviditeten. Det var nok på grunn av to ting; fordi eg er vane med å halde meg i form og fordi eg tenkte på gamle minner som spiseforstyrra. Tenk om eg skulle bli sjuk att fordi eg ikkje klarte å bevege meg dei neste ni månadane. Det skremde meg sjølv kor frisk eg følte meg.

Vel, den første tida var ikkje den beste. Kvalmen hang i fram til nesten tre månadar. Pulsen føyk opp, og meg kjende meg eigentleg som ein pesande flodhest der eg kom. Likevel var eg ikkje så dårleg at eg ikkje klarte å trene roleg nokre dagar i veka i løpet av denne tida. Ofte blei eg betre av kvalmen ved å lufte eg. Då eg kom inn i den fjerde månaden letta det veldig. Eg pusta ikkje lenger så tungt og kvalmen var borte. Dei einaste behovet eg hadde, og som eg lytta til, var søvnen. Nokre dagar kunne eg fint sove tre timar på ettermiddagen og likevel sove godt gjennom heile natta Eg trur aldri eg har sove så mykje som då eg bar på Noah. Mitt råd her er å legge deg nedpå og la søvnen ta deg viss du har muligheita til det.


Sju månadar på veg

Dei siste 10-12 vekene kjende eg ein del kynnerar. Dvs ein slags krampeaktig følelse i magen. Det var ikkje noko behageleg, og eg blei litt redd innimellom. Då gjekk eg turar istadenfor å springe. Så kunne det kome ein anna dag der eg ikkje kjende noko som helst av ubehag. Då løpte eg og smilte stort undevegs.

Heilt konkret trena eg slik under svangerskapet:

Løping: Fram til 5-6 månad: Rolege løpeturar frå 7 til 12 kilometer. Intervall ein gong i veka saman med ei friidrettsgruppe eg trena. Eg hang godt med fram til 5. månad, men i 6. månad måtte eg gje slepp på jentene. Eg heldt løpekurs med hopp og sprett fram til 5. månad. Hadde aldri pulsbelte på meg, men forskjellen frå den første tida var så "behageleg" at eg tenkte heller ikkje på det.
Fra 7. til 9.månad: Rolege løpeturar på rundt 5-7 kilometer, sjeldan lengre då eg ikkje følte behov for det.

Styrketrening: Etter 4-5 månad kutta eg ut knebøy, og den type vekttrening då det var ubehageleg for magen. Då enda eg som regel opp i maskiner på beina, og køyrde lettare vekter på overkroppen. Sit ups kutta eg ut etter rundt 4.månad også. Siste 1,5 månaden før fødselen flytta eg,og hadde ikkje tilgang til treningssenter. Då blei det heller inga styrketrening.

Så mine råd er: Så lenge du er frisk, og ikkje har bekkenløsning eller den type "komplikasjonar" kan du springe så lenge det ikkje er vondt eller ubehageleg( du kan nok trene med bekkenløsning, men her har eg ikkje nok kunnskap til å uttale meg). At magen gjer det tyngre er heilt normalt, og at pulsen er høgare er også heilt normalt. Grunnen til sistnemnde er at blodvolumet aukar med ca. 2 liter som gjev høgre hjertefrekvens og høgre slagvolum. Kvilepulsen kan auke med 10-15 slag per minutt, men dette varierar sjølvsagt frå jente til jente.

Det er superviktig å lytte til kroppen. Å gå seg ein lang tur istadenfor å springe er kjempebra aktivitet viss du kjenner deg usikker og kynnarane blir plagsomme. Dette skjer som regel i siste del av svangerskapet. Har du ikkje trena før svangerskapet reknar eg med at logikken fortel deg at du ikkje bråstartar når du er gravid.


Tenk at det snart er 1 år sidan Noah kom...

P.S
Eg er nesten overbevist om at min gode form hjalp då eg opplevde dramatikk like etter fødselen. Feberen steig brått til 42 grader (sannsynlevis pga infeksjon). Det enda i rasarfart på intensiven med 11 legar tilstades. To dagar etter var eg heime, og ute på min første trilletur. Så halde seg i form under dei 9. månadane er slett ikkje dumt. Men alt med måte.

Springerinneklem

 

 

 

3 kommentarer

ripsntits

02.10.2015 kl.13:00

hei, vi er 2 jenter som akkurat starta med blogg og youtube kanal :) vi har akkurat lagt ut vår første videoinnlegg der vi svarte på spørsmål. Vi hadde blitt glad hvis du kunne ha tatt deg tid til å gå innom bloggen vår, gjerne kommenter hva du vil se i neste video :) forresten, elsker bloggen din! ha en fin dag videre :D ripsntits.blogg.no/

Liv

02.10.2015 kl.13:54

Takk for betryggende og fint innlegg. Jeg er en løpejente selv og 14 uker på vei. Til nå har jeg faktisk konkurrert litt uten å være så langt unna personlige rekorder, men merker farten reduseres betraktelig for hver uke som går. Har tro på at jeg skal løpe så lenge det lar seg gjøre og være frisk og rask etter fødsel :) Har du tips til god løpevogn? Gjerne en som er god på ujevnt underlag også.

springerinne

12.10.2015 kl.09:59

Liv: Så bra at du føler deg i god form, men ikkje bli "skuffa" viss du kjenner at det blir tyngre. Det skal det bli, og er heilt normalt. Du har jo eit voksande barn i magen. Eg veit berre om Babyjoggeren som eg benyttar. Brukar den på grusveg og gode stiar. Det er ikkje noko vogn som passar på kronglete stiar, men det skal vel litt til å finne ei som taklar det. Eg kjøpte mi på løpeshop.no. Lykke til med svangerskapet og treninga:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv