hits

Liten kar på "oppdagelsesferd"

Det er morsomt å ta med Noah utanfor dei fire veggane, som å trille til vannkanten og kaste stein. Noah er meir glad i ete på steinen, men då er mor kjapp på labben og røskar den vekk:)

Her prøvar han seg, men ser raskt ansiktsuttrykket til ho mor...


Vi bur berre 500 meter frå Mosodden som er eit område ved Lågen, nær starten på Mjøsa. Det er her vi pleier å springe, men då blir det sjeldan til at vi stoppar for å "smake på steinane".
Det er nok ikkje lenge til snøen kjem, så det er greit å bruke anledninga når det fortsatt er grei temperatur ute.




-Ka finn eg her tru?



Vel, eit lite innlegg på søndagskvelden. Imorgon ventar trykk av langrennsmagasinet vi har halde på med dei siste par månadane. Blir spennnande. Tysdagssmorgon ventar det derimot noko som eg ikkje ser fram til. Narkose i tannlegestolen på Gjøvik sjukehus. Fyttikatta.

Ha ein fin søndag vidare kjære lesarar.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv