hits

Kom på foredrag der trenaren si rolle står i fokus

På fredag set vi oss i bilen over fjellet att, denne gong for å halde foredrag Stryn. Temaet er "Trenarar si rolle i barneidrett- tilrettelegging og forebygging. Eit tema eg synes er ufatteleg viktig. Håpar eg kan bidra med mine erfaringar og råd.


Frå det tredje NM gullet på 800 meter. Her løpte eg "åleine" inn til 2.03.64 minutt. Ein sto dag (men så altfor lenge sidan..).

Hovudmålgruppa er trenarar i barne og ungdomsidretten i Stryn og Hornindal kommune, men det er ope for alle som ønskjer å høyre på.

Stad: Frendesalen,Stryn Kulturhus

Dato og tid: Fredag 6.november frå klokka 19.00

Litt om bakgrunnen for foredraget:

Voksne for barn er ein organsiasjon som jobbar for trygg barndom og god psykisk helse for born og unge. I år har organisasjonen gått saman med Mental Helse og Leve i markering av Verdensdagen for psykisk helse.  Vi ynskjer å sette fokus på den viktige jobben frivillege trenarar innan barneidretten gjer. Tema for verdensdagen er "Kast maska". Dette er høgst relevant for frivillege trenarane som i løpet av sitt engasjement kan møte på born og unge med ulike utfordringar. Utfordringane kan blant anna vere spiseforstyrring. Målet med foredraget er å gje gode tips og idear som inspirerer til å halde fram som trenarar.


Bilde tatt i forbindelse med artikkel i GD i vår.

 

Program:
19:00 Springerinne Kristin Roset.
Eigne erfaring som idrettsutøvar med spiseforstyrring.
Trenaren si rolle i barneidrett. Korleis førebygge spiseforstyrringar? Kva teikn kan trenarane sjå. Kva bør han/ho gjere?

Pause 20 minutt

20:20: Sjur Ole Svarstad - rekruttlandslagstrenar.
Trenaren si rolle i barneidrett: Korleis tilrettelegge idrett for at alle skal oppleve glede og meistring.

 20:40: Jan Endre Nesdal - far og trenar innan turn.
Trenaren si rolle i barneidrett: Positive ringverknadar av å oppleve eit inkluderande miljø, og å bli sett. Viktigheit for ein trenar "å sjå" alle uansett prestasjonsnivå.





Ser eg deg? Ikkje vær redd for å ta turen iallfall.

Springerinneklem

4 kommentarer

Maike

04.11.2015 kl.06:56

Kjipt at det er et stykke unna for meg .. Skal du ha et foredrag her i Bergen i fremtiden? Eller er det for lang reisevei? :)

springerinne

06.11.2015 kl.09:23

Maike: Hei Maike. Det blir dessverre ikkje noko foredrag på meg i Stryn. Eg er heilt slått ut etter operasjonen på tysdag. Ligg stort sett berre i senga med eit monster ansikt og store smerter. Akkurat no vil eg berre få helga overstått. Klem

Maike

06.11.2015 kl.13:42

Uff, det var trist å høre :( Håper du vært frisk snart, god bedring!

springerinne

11.11.2015 kl.19:52

Maike: Takk, det blei litt meir styr enn berre deii tenna gitt. Blei lagt inn på sjukehuset her på Lillehammer nokre dagar etter, men no er eg ute i friheita att og i fullt vigør.:) Tenna er borte, og godt er det.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv