hits

Boka har fått blogg

Etter ei veke med mykje smerter etter operasjon av visdomstenna har eg kome meg til hektene att. Imorgon skal eg endeleg få springe meg ein tur etter 9 dagars avslapping på sofaen.

Idag blei sofaen derimot bytta ut med biltur til hovedstaden, og møte med forlaget. No er det berre 3,5 månadar til lansering av boka. I den forbindelse har eg oppretta ein eigen blogg slik at dokke som er interesserte kan lese meir der. Trykk HER for å gå til bloggen.



Oslo ja...det er ei stund sidan sist, og jammen endrar utsjånaden seg for kvar gong. Iallfall når bilen vender nasa mot Bjørvika. Får nesten ein skikkeleg storbyfølelse ved synet av alle dei "skyskraparane".



Etter eit oppløftande bokmøte rusla eg venninna mi, Cecilie i møte. Vi kakla som alltid i eitt banka kjør, og eg slukte ei nydeleg søtpotetsuppe på Tørst før eg venda snuten mot Lillehammer att. Er ikkje heilt "piggfri" etter tannseansen, så det var godt å parkere trygt på tunet etter ein del timar i bil.




Imorgon ventar ein roleg dag før turen går til Beitostølen for lansering av magasinet Team Leasplan Tigers. Det skal skje på sesongopninga til våre beste skiløparar. Gler meg veldig til å blade i det ferske magasinet på 108 sider.

Ynskjer dokke ein fin tysdagskveld vidare.

Springerinneklem

 

2 kommentarer

Kjersti-Helene

11.11.2015 kl.01:56

Kan dette bladet lastes ned som .pdf noe sted? Jeg bor i USA og får ikke tak i det, men skulle veldig gjerne lest det!

Hilsen en gammel langrennsløper

springerinne

11.11.2015 kl.19:35

Kjersti: Heisan, ikkje som eg veit, men send meg adressa di til kriroset@gmail.com, så skal eg sjå kva eg kan få til:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv