hits

Treningsstoff av ypparste kvalitet

Det er sesongopning for skiløparane på Beitostølen denne helga. Moro med langrenn på TV`en att, og enno meir moro å følgje med når Tigergutta frå Team Leasplan står på startstreken.

Det er i Thomas Alsgaards regi eg har jobba med magasinet Leasplan Tigers siste månadane, og på torsdag tok eg turen til Beitostølen og koselege Grønolen Fjellgård for pressetreff og magasinlansering. Dette er trykt opp i 7000 eksemplar og du kan finne det gratis på forskjellige butikkar rundt og omkring. Det er på 108 sider med blant anna treningsstoff, kosthold, presentasjon av løparane, turrenn i Norge, Ski Classics med meir. Lite med annonser, så her er det mykje å lese.




Godt team: Ingen problem å få til eit magasin sjølv om grafikaren sit i Oslo, journalisten på Lillehammer og fotografen er overalt. 

Ferske bilder frå fotograf Geir Olsen på Beitostolen. Her er fjorårets Birken og Vasaloppvinnar, Petter Eliassen(t.v), og sjefen for laget, Thomas Alsgaard.



Manager Emil Weberg Gundersen ( til venstre) i full "sekunderingsfart".

No har eg løpt intervall på mølla, trena litt styrke og ventar på at Noahgutt skal vakne frå blunden sin. Formen min etter sjukehusfartinga er mykje betre, og det kjende eg godt under treningsøkta. Små gleder....

Ikkje gløym å ta ein titt på bok bloggen: springforlivet.no.

Springerinneklem

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv