hits

Godnatt guten min

Kjære guten min!

Du ligg trygt i senga di no, og søv. Eg høyrer hostinga di frå 3. etasjen. Skrur ned lyden på TV`n i tilfelle du vaknar. Eg er stadig på vakt - slik ei mor er. Vil du skal sove godt, og vakne opp frisk og fin imorgon.

Eg ser på nyheitene. Det er så mykje vondt å ta til seg gjennom skjermen. Barn som flyktar. Barn som svelte. Barn utan foreldre. Det gjer meg dårleg, men så ufatteleg takknemleg for kor heldig eg er som kan gje deg tryggheit. Det er ein følelse eg aldri hadde kjent på før du kom inn i livet mitt, Noah.



Vi har kjent kvarandre i snart 14 månadar. Skrur eg ett år tilbake låg du i fanget mitt på denne tida. Du var så liten. Duppa av titt og ofte, drakk melka di, lagde nokre små ynkelydar og smilte når du var mett og fornøgd. Idag smiler du ennå meir. Både lurt og hjerteleg. Du har fått ein personlegheit som eg stadig blir sjarmert i senk av.

Frå å ligge i nestet og i fanget er du no i full fart på stovegolvet. Det går i ett med deg. Vi passar på så godt vi kan der du stabbar avgårde med skjelvande bein. Nokre gonger går du overraskande langt, andre gonger deiser du i bakken med eit brak. Det ser vondt ut, men du reiser deg opp att og tassar vidare likevel.

Om kvelden elskar du å sjå Dora på Nick Junior. Det er blitt ei fast rutine etter klokka 1700. Du dansar til musikken og tek kosemelka i eigne hender. Eg kan ikkje anna enn å smile når eg ser den vesle kroppen i strømpebuksa og den store bleia.

Kjære guten min. Sjølv om det er godt å sjå deg falle til ro under dyna, går det ikkje lange tida før saknet etter den mjuke huda di og fingrane som rotar i håret mitt kjem. Då er det godt å vite at du mest sannsynleg ropar mamma imorgontidleg. Ikkje for å stå opp, men for å ligge under den varme store dyna til mamma og pappa.

Godnatt Noahgutt





Springerinnemammaklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv