hits

Middag for vennegjengen

Det er ikkje sjeldan det blir laga middag til fem i heimen, men til åtte voksne ein laurdagskveld rett før jul er sjeldan vare.


Eg likar ikkje å stå på kjøkenet heile kvelden når gjestene sit og skravlar. Det kjekkaste er jo å vere med dei, og nettopp det gjekk i boks med denne retten som vår gode venninne kom med. ( Takk Trude).

OPPSKRIFT FISKESYMFONI 
( Til åtte personar -  sidan det var det vi var)

800g steinbitfilet
800g laksefilet
800g reker (vi brukte frosne)
24 store kamskjell
2 gule paprika
2 raude paprika
2 grøne paprika
1 kvitløksfedd
8 nypoteter
1 fennikel
1 pk. rødløk
2 pk. Lofoten Fiskesaus

Slik gjer du:
Kok potetene og sett dei til sides. Kutt grønnsaker og fordel på åtte foliar ( eller tallerkenar som vi gjorde for å spare plass, for så og fordele i ein og ein folie). Skjær fisken i passe store bitar til alle åtte. Steik kamskjella raskt, og fordel på kvar folie / tallerken. Sett foliane i steikeovnen på ca. 200 grader ( over og undervarme) i ca. 20-25 minutt. Lag saus. Fordel dei renska rekene på toppen og hell over saus. Server.
Genial rett som du kan nesten lage ferdig før gjestene kjem og smakar i tillegg veldig godt.

 Reker slår aldri feil:)


Like før steiking...



Ferdiglaga med ein fantastisk smak.




Og "sjølvsagt" sjokoladefondant med bringebær og is til dessert.
Bon appetitt:)

Springerinneklem

2 kommentarer

Madeleine

20.12.2015 kl.21:15

det så ut som masse herlig mat :D

lisarorvik

20.12.2015 kl.21:36

Dette så kjempe godt ut :) (Giveaway på min blogg med fine premier, også ukens blogg konkurranse bli gjerne med)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv