hits

Løpeklær for KALDE grader

Det er kaldt å løpe ute når gradestokken kryp ned mot -18, men har du gode klær og beskyttar ansiktet, er det ingen problem med rolige løpeturar. Her er mine favorittar når det "bit godt i ryggmargen."


Frisk og fin løpetur i går i -16. Eg fraus ikkje ein plass.

 

BRYNJE ARCTIC ZIP POLO

Dette er trøya eg tek fram når det er skikkeleg kaldt. Den er tjukk og god, og du treng kun ei løpejakke utanpå. Trykk på linken eller på bildet for meir informasjon. Kotar 1299,-, men det er det vel verd viss du likar å løpe ute heile vinteren eller gå på ski.

 

 


 

TRIMTEX, ADVANCE VARM LØPETIGHTS

Denne tightsen har vore ein favoritt i mange år. Den er tjukkare enn ein vanleg løpetights, men kjennes ikkje klumpete eller tung. God lomme på baksida for telefon eller liknande. Eg brukar kun ein ullboxer under. Det held lenge på ein times løpetur. Kostar " berre" 699,-.

 



 

 

BIRKSPORT, SVARGA ULLBOXER

Denne merinoboxeren er kanskje ikkje den mest sexy på markedet, men den duger svært godt på løpetur. Går langt ned på låra og varmar godt. No er det kampanje på nettsida deira ( trykk på liken / bildet) til 199,-.

 




 

 

 

TRIMTEX, ADVANCE LØPEJAKKE

Denne jakka har eg også brukt i mange år. Har ikkje den nyaste modellen som du ser under, men den er temmeleg lik. Kostar 999,-. Ingen crazy pris samanlikna med mange andre jakker.

 



 

 

SALOMON SNOWCROSS CS, VINTERLØPESKO

Ein sko eg har testa i forbindelse med Dagbladet. Eg kan ikkje skrive noko om sjølve testen her, sidan den ennå ikkje er publisert, men Snowcross CS ( med pigg) er super i kulda som "herjar" idag. Den går høgare opp enn andre sko, og varmar godt. Kostar 2000,-. Ein stiv pris, men det er til gjengjeld mykje sko for pengane.

 



BIRKSPORT, BALACLAVA

Eg kallar det finlandshette, men det heiter vel Balaclava på rett språk. Her har eg ei hue utanpå, men du ser at den beskyttar ansiktet for kulda. Trykk på linken / bilde for meir informasjon. Kostar kun 199,-.



KV + GLACIER, HUMMERHANSKAR

Eg får ofte "likfingrar" på vinteren, men unngår det med desse "hummerhanskane". Kostar 399,-


For ordens skuld så er eg ikkje sponsa av nokon, så dette er mine favorittar etter mange års bruk av løpeklær.

Idag snør det lett ute, og gradestokken seier -16. Ordentleg vinter med andre ord.

Ha ein fin dag:)

Springerinneklem

 

Én kommentar

Maike

07.01.2016 kl.18:26

Her i Bergen er det også fryktelig kaldt. Hadde ei morgenøkt i toppidretten (går på idrettsskule) i dag tidelig i -12 grader på 8km ... Håret frøs til is! Ha ein fin dag du også :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv