hits

Ikkje slurv med mat etter trening

Som dokke veit er eg svært glad i å springe. Det har vore livet mitt sidan eg var lita jente. På både godt og vondt, men heldigvis har alt det vonde forbunde med trening snudd drastisk dei siste åra.

Ja, eg spring nok meir enn "mannen i gata", men eg kjedar meg raskt dersom det blir for einsidig. Å springe rolige turar kvar gong eg trer på meg løpeskoa motiverer lite, difor trenar eg med variert intensitet. Det kan vere langintervallar på mellom 4 og 10 minutt, bakkeintervall og kortintervall som for eksempel 45 / 15 ( 45 sekund på / 15 av). På desse øktene tek eg meg ut såpass ut at eg er ordentleg sliten når eg er ferdig. Ein "tilstand" eg misbrukte då eg var sjuk. Då var det nemleg ikkje snakk om å ete rett etterpå. Kvifor i all verda skulle eg putte innpå kaloriar når eg nettopp hadde streva med å forbrenne dei. Joda, eg hadde lært at det var gull for restitusjonen og eg visste inst inne at eg ikkje la på meg av å tilføre kroppen den næringa, men spiseforstyrrelsen nekta meg å opne kjeften.



I dag er eg påpasseleg med å ta inn eit eller anna rett etter treningsøkta, og spesielt etter dei harde øktene. Då ligg banana eller sjokolademelka klar i bagen på treningssenteret slik at metrane eg nettopp har svetta meg gjennom faktisk kjem til nytte seinare. Det første eg merkar det på er neste hardøkt. Er låra sure og kroppen unormalt tung, veit eg at eg har slurva.

Sjølvsagt er det like viktig å ete godt gjennom heile dagen. Det hjelper lite med ei banan rett etterpå, for så og vente tre timar til neste måltid. Her blir det som regel lunsj eller middag etter treninga, alt etter dagsplanen. Og det funkar som rakkaren. Dette står skreve så mange stader på nettet og i bøkene, men for ein spiseforstyrra er det kanskje enklare å ta det inn over seg når ein veit at vedkomande har vore gjennom det same. Eg har ikkje tal på kor mykje bortkasta trening eg har gjennomført, og med bortkasta meiner eg ved å oppnå ein sliten kropp, skadar og lite framgang.

Dette gjeld ikkje berre for den spiseforstyrra, men eg henvender meg spesielt til den gruppa fordi eg hugsar kor vanskeleg det var å ete uansett kor mykje eg trena. Men tru meg når eg seier at du får det tre gongar så kjekt saman med kroppen din på mølla eller i skiløypa viss du tør å putte inn litt meir.
Og for ordens skuld: Ei banan, ei sjokolademelk eller ein sportsbar er ikkje eit måltid. Det er eit "bittebittelite" mellommåltid som er med på å gje musklane næring, og evna til å kvitte seg med melkesyre etc.


Ein av mine favorittar, men vanleg sjokolademelk er sikkert like bra.



Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv