hits

Vinterløpesko: Testresultat

Testen av vinterløpesko eg gjorde for Dagbladet blei publisert for litt over ei veke sidan ( trykk på bildet for å kome til artikkelen). Eg var ganske så spent på korleis dei ulike skoa fungerte på det glatte underlaget, for det var verkeleg glatt under testperioden. Beina mine har også vore temmeleg sensible etter at eg opererte begge hælane mine for ein del år tilbake. Eg oppdaga difor med stor glede at vinterløpeskoa var svært gode å springe i, samanlikna med dei modellane eg brukte då eg satsa. Utviklinga har verkeleg vore stor på den fronten.



Eg testa fire forskjellige modellar; Asics, Sarva, Salomon og Icebug. Eg kjende meg trygg på glatta i alle fire, men det var forskjellar på både løpsfølelse og passform/komfort.

1.plass og testvinner: VJ Sarva D`Vil 2

 


Stikkord for D`vil:
Superlett, god løpsfølelse, godt grep, stødig. Svært god til intervalltrening.

 

2.plass: Asics Fuji Setsu 2


Stikkord for Setsu:
Lett, god løpsfølelse, mjuk, komfortabel, godt grep. God til intervalltrening.

3.plass: Salomon Snowcross SC


Stikkord for Snowcross:
Varm, solid, godt grep, litt tung, komfortabel.

 

4.plass: Icebug Anima 3- L BUgrip

 
Stikkord for Icebug:
Godt grep, den med flest piggar ( heile 19), mindre god løpsfølelse, rar passform.

Trykk på det øvste bildet viss du vil lese heile testen.

Mine tips til korleis du skal finne din vintersko:
*Prøv dei i butikken. Kjenn etter om dei sit godt på din fot. Nokre er smalare og/ eller breiare enn andre.
*Er grepet det viktigaste, eller vil du kjenne den gode løpsfølelsen også?
*Er ein varm og solid sko viktigare enn enn ein lett sko med tynn såle?
*Skal du kun løpe langturar, eller ynskjer du ein sko som er god til intervall?

Eg har brukt Salomon sin sko mykje dei siste to vekene på grunn av kulda. Den held beina mine varme lengre enn dei andre. Her slepp eg leggvarmarar og ekstra tjukke sokkar. Det gjer heller ingenting om det er litt laussnø, då den ikkje sniker seg innanfor skoen. Så viss du har råd og behov for to par; ein til rask løping og ein til roleg langkjør kombinert med gåturar utanfor allfarveg, anbefalar eg nummer 1. og 3.plass.


Ynskjer dokke en fin dag i vinterkalde Norge. Brr...


Springerinneklem

 

 

 

Én kommentar

Iselin Renée

18.01.2016 kl.17:30

Flotte sko :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv