hits

Inne i varmen hos Kulturrådet

I går fekk eg den hyggelege og overraskande beskjeden frå forlaget om at Norsk Kulturråd har kjøpt 700 eksemplar av boka mi. Dette betyr at den vil finnast i bibliotek rundt omkring i norges land. Det er ikkje det store nålauget å kome gjennom, så eg blei fryktleg glad då meldinga kom.

No er det snart helg her på Lillehammer også. Eg har nettopp levert ei sak til Dagbladet om løperkne som blir publisert på søndag. Ellers har eg løpt 8x1000 meter intervall på mølla, noko eg aldri før har gjort. Ikkje det at eg bryr meg så veldig om det, men det er moro å kjenne at kroppen fungerer. Og sjølvsagt putta eg inn næring med ein gong. Det må til for at treninga i det heile tatt skal virke. Ikveld blir det pizza for heile familyen og sjølvsagt ei stor skål med chips. hehe...Lenge leve fredagskosen.

God fredag frå meg.



Stor Springerinneklem (og Noahklem)

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv