hits

"Mr. Nysgjerrig"

Nei,Noah nei! Ikkje kast brødskiva på golvet! - Au, du må ikkje lugge..

Det er tydeleg at Noah kosar seg når han høyrer ordet nei. Då smiler han lurt og køyrer på endå ein gong,til mors store fortvilelse-og glede..

Nysgjerrigheita har auka drastisk dei siste månadane. Og for å ikkje gløyme farten i den vesle kroppen. Kanskje det ligg ein løpar i han:)

 Å tre inn i mammarolla for første gong er som å åpne ei kalendarluke kvar dag.Du veit ikkje kva som ventar deg. I begynnelsen syntes eg det var fryktleg skummelt. Det er det for så vidt ennå, men no kjenner eg kroppsspråket til Noah mykje betre. Det gjer meg tryggare i mammarolla. Men trygg eller ikkje, tida han er inne i no (15 mnd) krev full oppmerksomhet frå oss foreldre. Snur vi oss bort et sekund eller to, er han garantert ikkje på same plassen som "sist". Skuffene og skapa fristar voldsomt. Det same gjer trappa, blomstrane i vinduskarmen, vasane på på bordet og ikkje minst dokosten. Her om dagen hadde han eine handa i doskåla også... Droppa ikkje handvasken då kan du sei:)

 

Vel, no er sjefen lagt "på lading" til imorgon. Ynskjer dokke ein fin kveld:)

Springerinneklem

2 kommentarer

Nina Knagenhjelm

10.02.2016 kl.21:47

Fantastisk i innlegg! Jeg ler så jeg feller noen tårer her! 😂 Unger er utrolige 😊

springerinne

11.02.2016 kl.10:55

Nina Knagenhjelm: Ja dei er det:) Mykje moro, og litt frustrasjon:) hehe

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv