hits

Ser eg deg på Bislett stadion?

Det er kort tid att til boklanseringa på Bislett stadion. I forbindelse med det har Samlaget Forlag oppretta ei event side på FACEBOOK slik at det skal vere lett å melde seg på ( eller forholde seg i ro...:).

 

Lanseringa den 23.februar kl.12.00 vil foregå i Hattestadsalen på Bislett stadion. Saman med forlaget ynskjer vi å gjere litt meir ut av boksleppet ved å arrangere ein paneldebatt der vi blant anna stiller spørsmålet; Korleis forebygge spiseforstyrrelsar i idretten. Panelet er spennande, og eg trur vi kan få ein interessant og viktig debatt.

Viss du ynskjer å få med deg dette, er du hjerteleg velkommen. Det blir servert kaffi og noko å bite i ( ingen tvang nokon av delane) og det er gratis.  I tillegg kan du bli ein av dei første som sikrar deg boka ( ikkje heilt gratis, prisen er for øvrig 299,-).

Stikk innom facebooksida https://www.facebook.com/events/490665154454790 vår og les meir...

Springerinneklem



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv