hits

In the water

Det er vinterferie for barna i huset, så igår reiste vi til badelandet Ankerskogen på Hamar. Det er Noah sitt andre besøk der. Sist gong var han så liten at han var lett å passe på. Igår var det full fart og lita tid til å sjå på kameraet. Mor er ikkje den fødde badenymfe, men oppgåva i å passe veslegutt tok ho på alvor. Er jo redd for den minste ting, så han var ikkje langt unna armane mine.



 


Noah er veldig glad i sine to sysken, men det er ikkje så lett å halde følgje med dei heile tida. Då er det godt at mor held stand ein halv meter bak..hehe:)


Må berre legge ved dette koseleg bilde som storesøster knipsa. Ein liten pust i vinduskarmen før "travelheita" fortsatte.

No har eg nettopp skreve ferdig ei sak til Dagbladet og vore hos rekneskapskontoret. Det er greit å ha litt kustus på økonomien, og når frøkena sjølv ikkje er den som diggar slike ting får nokon andre hjelpe til:)

Ynskjer dokke ein fin dag.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv