hits

Fjelluft

Etter eit alvorleg innlegg igår, er det greitt med eit familievennleg innlegg idag.

Vi er i mars allereie, så difor har vi benytta helga til frisk vinterluft på Øyerfjellet og Ilsetra. Vi kosar oss her, med skiløyper og god mat rett utanfor døra.

 

 

Då vi var her sist kunne ikkje Noah gå, men no er det full fart på gutten,både ute og inne. Han strålar som sola når vi basar i snøven, og lukker auga når pulken blir dratt i gang.

 

Det er godt å kome seg ut av huset av og til, og moro å sjå vesleguten i "nye" omgjevnadar. Snart blir det enno meir nytt for han, då vi set kurs mot Førde i heimfylket mitt om nokre dagar. Der ventar bokbad og boksignering.

Trekløveret, og ein som likar sjokolade:)

Springerinneklem

Én kommentar

Dagny Sunde

06.03.2016 kl.18:56

Såå koselig :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv