hits

Kva er det med denne kroppen, og den vanskelege maten?

Komande torsdag den 10.mars vender min kjære, Noah og eg nasa mot Førde i Sunnfjord. Der ventar bokbad med temaet: Kva er det med denne kroppen og den vanskelege maten?

Vi er fire stykk som skal fortelje om vår erfaring og kunnskap. Det er forfattar Marianne Clementine Håheim (på bilde til høgre) og eg, pluss ein psykolog og dagleg leiar på Spenst Førde.

Staden er Pikant kl 20.00 og det kostar 100,-.Blir muleg å kjøpe boka mi og Mariannes "Svart Belte" (også om spiseforstyrrelsar, men formidla på ein heilt anna måte).

Kjøp billett her: Billettar og trykk gjerne på arrangementet si facebookside.

Springerinneklem

4 kommentarer

07.03.2016 kl.17:30

Ønsker deg og Noah en god tur til Førde, og de beste ønsker for bokbadet. Jeg leste utdrag fra bøkenen deres- sterk og gripende lesing på hver sin måte.. Gleder meg til å lese hele boka di! Ta vare på deg selv- du gir håp til så mange. Varme ønsker

springerinne

07.03.2016 kl.18:56

Anonym: Tusen takk. Vi køyrer mot Førde i spenning på kva som ventar:)

Bjarne kleppe

07.03.2016 kl.17:47

Ei tankevekkende bok som fascinerte meg.Har teke den fram fleire ganger og det som slår meg er at kroppen er fantastisk og at mor er mor uansett! Lykke til vidare med lille Noah og livet.

springerinne

07.03.2016 kl.18:55

Bjarne kleppe: Takk for at du har lest og at boka fascinerte deg.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv