hits

Til "ville vesten"

No er vi på veg til Vestlandet, nærare sagt Førde i Sunnfjord. Eg er sjeleglad for at min kjære ville sette av tid til å køyre og ikkje minst at Noah er med. Det kjennes veldig godt når reisa tek over seks timar i bil. Ja, faktisk like lenge som å fly til Nord-Afrika. Sprøtt.

I Førde ventar bokbadet som eg har skreve om før. Eg har aldri vore med på noko slikt, så når eg høyrer at det blir fullt hus kjennes det litt ekstra spennande. Eg trur likevel det skal gå fint, og eg gler meg til å møte kjende frå heimfylket. Er forøvrig veldig glad for at kroppstematikken blir sett fokus på. Det er verkeleg noko dagen i dag er angrepen av.

Vel, eg får følgje med på vegen slik at eg ikkje blir bilsjuk. Det er ikkje akkurat motorveg som ligg framfor oss.

Springerinneklem

3 kommentarer

Anne Vadder

10.03.2016 kl.09:31

Så fin blogg!

Liv Astrid

10.03.2016 kl.11:40

God tur og kjør forsiktig då.

Lykke til, ditta fiksa du fint.

Gleder meg til å lese boka.

springerinne

10.03.2016 kl.12:03

Liv Astrid: Tusen takk gode deg:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv