hits

Ein kveld om kroppspress og sårbarhet

Det siste døgnet har vi køyrt 800 kilometer, tur retur Lillehammer - Førde. Ikkje det kjekkaste for Noah som blei bilsjuk, men gårdagens oppleving på bokbadet var vel verd alle timane i bilen.

På veg heim med Nordfjorden i sikte...


Mat må ein ha på tur og eg er ikkje vond å be når det kjem til pizza. Det er noko av det beste eg veit ( ja, så enkel er eg..hehe).

 

Men over til bokbadet som heitte Kroppskontroll ute av kontroll, (forøvrig eit veldig bra navn). Det blei fullt hus, av både unge og eldre, damer og menn. Og eg følte at publikum var veldig tilstades, noko denne tilbakemeldinga viser ( og som eg sette stor pris på).

Takk til Marianne Håheim og Kristin Roset som har skreve kvar sin roman om spiseforstyrrelsar. På bokbadet/ paneldebatten i går var dei gode formidlerar på å gje oss innsikt i sjukdomen og lære oss om korleis vi som er rundt ,skal kunne møte folk med denne vanskelige lidinga. Håpar både skular og helsevesen rundtom inviterar dei to til å gjere det som eg opplevde denne kvelden, få mykje større innsikt.

Forutan publikum må eg få takke Marit Bendz som arrangerte bokbadet. Eg er fryktleg takknemleg for at eg fekk vere ein del av dette, at eg fekk høve til å fortelje om mi erfaring og meiningar.


Etter mange gode ord og applaus var det tilbake til the reality. Noah søv godt, men det blei ikkje lange natta før han stod opp saman med kanina ( obligatorisk følgesvenn). Her er vennen med på frukostbordet..

Etter over 12 timar i bil siste døgnet syntes Noah det var såååå godt å kome heim.

Ynskjer dokke ein fin kveld vidare, og er du nysgjerrig på boka kan du kjøpe den HER.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv