hits

Tør eg utfordre startnummerskrekken?

Eg har ikkje skrive så mykje om treninga i det siste. Boka og emnet har fått det største fokuset her inne, naturleg nok. Så eg tenkte å skrive litt om status på løpetreninga.

Sidan i fjor sommar har eg sprunge jamt og trutt, og best av alt, lystbetont. Avbrekka har sjølvsagt dukka opp i form av blant anna basseluskar frå barnehagen, og to trøblete visdomstenner, men alt i alt har skrotten fungert betre enn på lenge.

Det einaste løpet eg har delteke i sidan eg la opp for tolv år sidan var eit 5 km løp i Ski der eg budde før. Det gjorde vondt!

Far min på 73 år konkurrerer mykje, og spør ofte om kvifor eg ikkje deltek i konkurransar. Eg har svart at eg ikkje har behov for det lenger, men sannheita er vel ei heilt anna. Eg har hatt startnummerskrekk i fleire år, men no har eg kome til eit punkt der eg har lyst å bære startnummeret på brystet igjen. Ikkje på det raude banedekke, men i uformelle løp, som for eks. Sørdalskarusellen. Her kan ein delta frå april til september fordelt på 10 løp. Det kortaste er på 2,3 km og det lengste like over 10 km. Nokre av løpa går i tillegg omtrent utanfor husdøra vår. Betre "tilrettelegging" kan ein vel ikkje be om.

Dokke lurar kanskje på om dette kan trigge «gamle meg». At eg skal trene ennå hardare og ete sunnare viss det går dårleg, men nei. Skuldrane er senka på det område. Går det i dass, får det berre vere. Eg vil jo gjere mitt beste uansett, og det er jo trass alt berre for moro. Og det skapar litt spenning i kvardagen.

Vel, det gjenstår å ta orda i handling, men no har eg iallfall betalt i underkant av 800 kroner for å delta, pluss at eg har delt det med dokke. Då har eg forhåpentlegvis press nok på meg til å ta i bruk startnummeret.

I går bytta eg derimot ut løpeskoa med skisko. Det er påskestemning og plussgrader, og løypene på Birkebeiner Skistadion var superfine. Ikkje rart når Birkebeinerrennet går av stabelen om nokre få dagar. Då må ein utnytte forholda.

Ha ein fin dag vidare, og så skal eg sjå om eg tør å oppdatere dokke når karusellen er i gang:)

Springerinneklem



 

Én kommentar

Maike

16.03.2016 kl.16:59

Elsker den følelsen av startnummer på brystet og adrenalinet før konkurranser! Endelig etter syv måneder uten løping er jeg endelig tilbake og er midt i sesongen nå. Startet med innendørs UM som et ''testløp'' og det gjekk mye bedre enn forventet. Perset med hele ni sekunder på 1500 meter så er endelig kommet under den magiske 5 minutter grensen som jeg har strevet etter så lenge jeg har drevet med friidrett (1 1/2 år). Lykke til med løpet! :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv