hits

Løpe og styrkereise med Kristin og Kristin

Vi er to x Kristin som skal arrangere Løpe og styrkereise til Albir i Spania i slutten av oktober. I den samanheng har vi oppretta bloggen trenmedkristinogkristin og ei Facebookside ( klikk på linkane) der dokke får all informasjonen dokke treng. Vi er fryktleg glade i å trene og ikkje minst spreie treningsglede og håpar at mange blir nysgjerrige på det vi har å by på denne veka i oktober.


Kristin Tennebø Holslag ( til høgre på bildet) er også frå Sandane, men har budd i Spania i 16 år. Ho er personleg trenar og kjenner området vi skal til som si eiga bukselomme. Eg har sjølv vore der fleire gonger på treningssamling, og veit at dette er ein ypparleg plass å både springe og trene styrke. Les meir på bloggen vår og bli medlem utan forpliktelsar av Facebooksida vår.

Her er det snart påskeferie. Vi dreg til hytta i Stryn om nokre dagar. Der skal Noah få sin første snøscooteropplevelse så vi kryssar fingrar for at været ikkje bombanderar oss med regn. Uansett vestlandvær eller ei, vi skal klare å kose oss innandørs også.

"Full fart"

Søtnosen min:)

Springerinneklem

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv