hits

Løpskarusellar - perfekt trening og sesongoppkøyring

Ja, eg er påmedt på Lillhammers løpskarusell, Sørdalskarusellen. Det er eit lite løpesteg å ta etter fleire år utan å pushe meg i konkurransetempo, men eg gler meg masse til å kjenne på sommarfuglane att og kjenne syra sprenge opp etter øyra.

Løpskarusellar er perfekt trening for psyken og stayerevnen både for en mosjonist og ein som skal konkurrere meir utover sommaren. Også baneløparar. Då eg satsa deltok eg alltid i terrengløp og stafettar på vårparten fram mot sesongstart på bana. Då fann eg fram att konkurransenervane, og eg blei ein sterkare løpar. Det er eg sikker på den dag idag.

Det er like før karusell løpa og stafettane skytast i gong i heile landet vårt. Tenkte difor å tipse dokke om nokre av dei som allereie startar imorgon. Trykk på lenkane for meir informasjon.

ØSTLANDET
Tysdag 29 mars: Borredalen rundt 1.løp- Fredrikstad....kvar tysdag framover.
Onsdag 30.mars: Sognsvann Rundt Medsols- Oslo....kvar onsdag framover.
Tysdag 12.april: Kongsvingerkarusellen 1.løp-Kongsvinger...kvar tysdag framover.
Tysdag 12 april: Stomeprudkarusellen 1.løp- Sørum...kvar tysdag framover.
Laurdag 16.april: UKI karusellen 1.løp-Ullensaker...kvar laurdag framover.
Onsdag 20.april: Sørdalskarusellen-Lillehammer..kvar onsdag framover.

VESTLANDET
Onsdag 6.april: Terrengløpskarusellen 1.løp-Haugesund..kvar onsdag framover.
Onsdag 6.april: Holavatnet Rundt  1.løp- Osterøy..kvar onsdag framover.
Laurdag 9.april: NM terrengløp kort løype- Stavanger.
Tysdag 19.april: Springkarusellen 1.løp- Bergen..kvar tysdag framover.

SØRLANDET
Torsdag 31.mars: Espe Rundt 1.løp- Birkenes / Aust- Agder...kvar torsdag framover.
Tysdag 19.april: Terrengkarusellen Kvinesdal / Flekkefjord 1.løp - Kvinesdal...kvar tysdag framover.

TRØNDELAG:
Onsdag 20.april: Nybrottkarusellen 1.løp- Stjørdal...kvar onsdag framover.

Det finnast mange fleire, og er du nysgjerrig går du inn på ei av dei beste terminlistene vi har HER.


Nydeleg løpeveg for løparar;)
 

Springerinneklem

 

 

Én kommentar

Hei, liker bloggen. Om du skulle trenge hjelp til design eller header, stikk innom oss her :)www.espolin.net

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv