hits

Sunne gutar, og på glattisen med Yngvar

Det blei ein rask, men veldig inspirerande og flott Oslotur igår. Sunn Jenteidrett som har jobba med forebygging av spiseforstyrrelsar i idretten sidan 2008 hadde kick off på sitt nye navn Sunn Idrett. Ei endring der gutane skal inkluderast på lik linje som jentene.

Nokre av dei mannlege forbildene og ambassadørane for Sunn Idrett. Til venstre Karsten Warholm, 400 meter løpar, Henrik L`Abbee Lund, skiskyttar, Eirik Brandsdal, langrennsløpar og til høgre Carl Godager Kaas, orientering. Mari Fasting, orientering (gøymt bak mobilen, heilt til høgre) har vore ambassadør for Sunn Jenteidrett i mange år allereie.


Yngvar Andersen som også kom på mi boklansering, tok turen. Som småbarnsfar til tre jenter mellom 0 og 5 år, aktiv, og eit forbilde for mange, viser stort engasjement for temaet.


Yngvar og eg tok eit "løpande møte" frå Ullevål stadion til Maridalsvannet og vidare inn i Nordmarka og ned att til Ullevål. Praten gjekk i eitt og sjølvsagt på dialekta vår:) hehe. Veldig inspirerande kar!

Våren lar vente på seg i Nordmarka, men det var slett ikkje like glatt som dette overalt. Og tid til bilder er det alltid.

Oppmøte på kick-offet til Sunn Idrett var veldig bra. Det varmar å sjå at idretten er engasjert i å forebygge spiseforstyrrelsar og kroppspress. Ta ein tur innom nettsida deira, og bruk gjerne chatten viss du har spørsmål. Det er eit fint tilbod som gjer det mindre skummelt å ta kontakt. Sunn Idrett kjem med ei ny nettside snart, så inntil vidare har nettsida det "gamle " navnet.

Springerinneklem




 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv