Mil etter mil for å halde foredrag
Første gong eg heldt foredrag var eg fryktleg nervøs. Hadde eg plassert mikrofonen inntil hjertet hadde publikum garantert høyrt dunkinga. Eg får framleis sommarfuglar i magen når eg skal til pers, men det er heldigvis ikkje så ille at eg helde på å "stryke med" av nervøsitet.
No plasserer eg snart rumpa i bilsete til Straumsnes i Tingvoll Kommune på Nordmøre. Det tek 5.30 timar i følgje Google, så får vi sjå om det stemmer. Akkurat det å køyre bil så langt er eg vane med etter alle dei år eg har budd heimaifrå, men dei siste par åra har eg ikkje vore så aktiv på rattinga. Det blir difor nokre stopp nordover.
Foredraget eg skal halde handlar om det eg har skrive i boka med meir, og publikumet eg møter er frå Straumsnes idrettslag og Straumsnes sanitetslag med start klokka 19.00. Har aldri vore på denne staden før, så det blir spennande å sjå nye omgjevnadar.
Ut på tur, aldri sur...
Det mest gjevande med å halde foredrag er moglegheita til å formidle ansikt til ansikt. Det å sjå at publikum følgjer med, og kanskje får svar på noko dei har lurt lenge på. Og ikkje minst kunne vere til hjelp personleg etter all praten.
Ynskjer dokke ein flott tysdag!
Springerinneklem
Christina
06.04.2016 kl.00:19
springerinne
06.04.2016 kl.07:07