hits

Fullt hus

Det blei ein lang tur biltur til Tingvoll, men til gjengjeld fekk eg sett mange flotte (og mindre flotte) stader mellom Lillehammer og Nordmøre. Då eg kom fram blei eg teken godt imot av hotellet, men noko resepsjonskø kan eg vil ikkje sei det var. Faktisk sov eg åleine på hotellet den natta. Litt creepy.





 

Sjølve foredraget gjekk for seg i den vesle bygda Straumsnes, 25 min frå Tingvoll.Eg køyrte sjølvsagt for langt, og før eg visste ordet av det bila eg i retning Kristiansund. Godt eg sjekka GPS en, ellers hadde det blitt forsinkelsar og ennå meir nervøs jente.

I skulesalen venta omkring 100 stykk. Og som alltid blir eg ekstra nervøs når myggen ( liten mikrofon) skal festast rundt hovudet. Heldigvis gjekk det seg til etter ei lita stund.

Publikum kom frå Sanitetslag rundt omkring, i tillegg til Straumsnes Idrettslag. Det var skuffande lite folk frå idretten, men vekedagane på kveldstid betyr vel treningar og køyring på ungar hit og dit her også. Det var derimot gledeleg med all responsen etterpå både gjennom spørsmål, og kjøp av boka mi.


Utsikt frå hotellet.


 


På morgonkvisten fekk eg dette frukostbordet til rådigheit, eine og åleine.

Idag har Noah vore heime frå barnehagen, dvs dei ringde ein time etter levering. Uff, eg likar ikkje å sjå det nummeret, då eg blir så redd for at det har skjedd noko alvorleg. Heldigvis var det " berre" feber. Har difor vore ein roleg dag idag, utanom ein liten løpetur i skogen. Det gjorde godt etter fleire timar i kosestilling.

Springerinneklem
 

 

 

 

 

2 kommentarer

07.04.2016 kl.22:13

Du gjorde ein kjempejobb og "vekte opp"mange av dei som var i salen.Det er berre positive kommentar om deg og foredraget ditt.Det står stor respekt av det du gjev oss av ditt liv og dei vonde sjukdomsåra du har stridde deg gjennom.Lukke til vidare i livet ,Kristin .Ynskjer deg alt godt,kanskje kryssar våre vegar ein gong til.Helsing Solbjørg.

springerinne

08.04.2016 kl.14:18

Anonym: Tusen takk Solbjørg. Veldig kjekt å møte eit engasjert publikum:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv