hits

Også menn har meiningar

Då eg fekk oppdraget om å skrive ei personleg bok om korleis spiseforstyrrelsen heldt på å ta knekken på meg blei eg "overraska" over at nokon fann dette interessant. Eg tenkte ikkje lenge, men var bestemt på at boka skulle ende godt slik sannheita er. At boka ikkje berre skremer, men også gjev nyttig veiledning til både den sjuke, pårørande og trenarar. Dette var forlaget heilt enige i, og saman la vi planen.


Manus overalt


Lansering på Bislett 23 februar
 

Eg legg ikkje skjul på at den første delen, der eg hadde det mest vondt var tung å sette ord på. I tillegg måtte eg vege orda mine rett slik at lesnaden ikkje trigga andre sjuke. Etter eit halvt års tid løsna skrivinga, og eg kunne endeleg sjå ein heilheit med meining i.

Så kom tida der forholdet mellom tastaturet og eg måtte skilljast. Lansering og utlevering til offentegheita var eit faktum. Ei oppleving prega av "redsel" og glede. For; ville boka bli "godteken", ville den være til hjelp slik eg håpa, ville den trigge nokre av lesarane likevel, og ville den bli så meiningsfyll at både den sjuke, pårørande, lærarar, helsepersonell og trenarar fann den nyttig.


Mitt første store intervju om dei 13 sjuka åra ( Aftenposten 2011) Mykje har skjedd sidan den gong.


Som å bli mamma..
 

No er det 2,5 mnd sidan boka kom ut, og like før lanseringa fekk eg ei gladmelding om at Norsk Kulturråd ville ha 700 eksemplar som dei kunne fordele i biblioteka i Norge. Det varma eit forfattarhjerte, og eg kunne senke skuldrane nokre hakk. Det å kome gjennom det nålauget er nemleg ikkje det lettaste.

Boka har også gitt meg fleire foredrag, og mulegheiter til å promotere boka. Faktisk har eg køyrt over 1500 kilometer, og om kkje lenge ventar nye 1400 kilometer. Kan ikkje sei at eg elskar å køyre så langt åleine, men har eg med mine to næraste kosar eg meg på tur. Det er trass alt til eit godt og viktig formål.

Vil veldig gjerne dele nokre av lesarane sine referansar / meiningar om boka og foredraget rundt same tema. Skriv ikkje navn på vedkomande, men det er alt frå unge til eldre og begge kjønn.

" Kristin har skrive ei bok alle som er involvert i idrett bør lese. Det er ei sterk historie om
kor mykje djevelskap som kan kome ut av inkompetente kommentarar om kropp og prestasjonar."
 
- Mann-                                                

                                                  ***

"Ei stor takk for nyttig lesing, En sterk historie som er godt formidla.
-Kvinne-
                                              ***


"Du gjorde ein kjempejobb og "vekte opp" mange av dei som var i salen.
Det er berre positive kommentar om deg og foredraget ditt."
-Kvinne-                                              

                                               ***

"Ei tankevekkende bok som fascinerte meg. Har teke den fram fleire ganger ,
og det som slår meg er at kroppen er fantastisk og at mor er mor uansett!"
-Mann-                                              

                                                  ***
"Takk for at du kom helt til oss for å holde foredrag!
Du var utrolig flink! Håper du fortsetter å formidle dette, for dette
var virkelig et godt foredrag og det trengs mer kunnskap om dette temaet."
-
Kvinne-                                             ***

                "Ei sterk historie som er godt formidla".
-Mann-

                                            ***

                 "Det teer en bok jeg vil anbefale alle å lese."
-Kvinne-

 

Butikkane tek ikkje inn så mange eksemplar, så det enklaste og kjappaste er bestille HER. Då får du også ein liten rabatt.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv