hits

Gigantsmell

Eg er snart 36 1/2 år. Ein alder som faktisk gjev meg ein status som veteran innen idretten. Sjølv om det er lenge sidan eg sprang for fullt, er mange av dei beste minna ferske i hovudet. Det aller beste frå NM i Drammen då eg sprang over målstreken til gull og ny pers på 2.03.64 ( 800 meter) ved å gjere heile jobben sjølv. Det minnet vil eg ta med meg til eg blir gammal og grå.


Den gong då....

Men så var det denne alderen då, og kor forbaska fort disse åra går. Eg kan nesten ikkje tru at det er 15 år sidan eg tok mitt siste NM gull, og kan heller ikkje forstå at eg faktisk gruar meg til eit karusell løp om 5 dagar. Det er nesten flaut, men denne nervøsiteten brakte meg likevel til løypa som skal springast neste veke. Eg måtte berre springe gjennom den for å gjer meg kjend. Etter rundturen fekk eg ein ide; det hadde vore kult å løpt så fort eg kan berre for å teste liksom. Joda, eg var fortsatt stiv i beina etter dagen før med 3x10 minutt hard løping og bakkeintervall tre dagar før der igjen. Men skit og tenkte eg. Det er no berre å gutse på. Ingen bryr seg uansett.

Så starta eg klokka. Det gjekk greitt første kilometeren. Ja, eg låg godt an til løyperekord viss eg heldt tempoet oppe. Den neste halve kilometeren gjekk også bra, men så begynte pusten å ta overhånd. Forundrar meg ikkje viss at turgåarane blei skremde. Beina var stive, men no kunne det vel ikkje være langt til mål. Dessverre tok eg feil. Eg gløymde den siste bakken. Då missa eg heilt motet, og bråstoppa. Eg orka rett og slett ikkje å presse meg meir. Makan til pyse. Kor er konkurranseinstinktet blitt av? Jaja..eg ler av det no, og gjorde det i bilen på veg heim også.

Vel, eg skal likevel stille opp viss ikkje det er noko som kjem i vegen ( har sagt til meg sjølv at det kun er feber, skade eller sjuke ungar heime som er unnskyldninga for å stå over ) Og når det gjeld taktikken for å meistre den siste bakken mot mål lyt eg nok berre opne rolegare. Eg får ta i bruk dei gode råda eg formidlar i treningsartiklane eg leverer til Dagbladet for tida, men veit at når startskotet smell er det ikkje lett å halde att. Jaja....Oppdatering kjem - kanskje. hehe:)

Helsing VeteranSpringerinne

9 kommentarer

Inga

15.04.2016 kl.11:48

Lykke til!!

springerinne

15.04.2016 kl.13:49

Inga: Tusen takk:)

Liv-Miriam

15.04.2016 kl.13:40

Lykke til! Vi har vel aldri vært så flinke til å holde igjen i starten, har vi vel? 😜

springerinne

15.04.2016 kl.13:45

Liv: hahaha..nei, det skal vere visst spreka:)

Lena

15.04.2016 kl.15:22

Lykke til! 👍
Lykke til! :D

springerinne

15.04.2016 kl.23:04

lovelyliller.com sunne oppskrifter: Takk,det trengst:):)

Anne

16.04.2016 kl.20:49

Haha!! Kjenner meg veldig godt igjen i denne beskrivelsen Kristin! Utrolig å skulle bli nervøs for et karuselløp når man har drevet aktivt med idrett og konkurrert i laaaaangt større konkurranser tidligere. Rett og slett litt pinlig! ;) Men det er noe med det, når man får startnummeret på brystet så er man vant til å gi det man har og vet at det vil gjøre vondt! Så det er egentlig det jeg er nervøs for. Men er jo gøy likevel og utrolig deilig etterpå :)

springerinne

17.04.2016 kl.21:22

Anne:hi hi Det der startnummeret altså..

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv