hits

Til Vestlandet for å springe og litt til

Det har gått i ett med møter og jobb i går og dag, og fortsetter ut veka. Det er varierte oppdrag innanfor journalistikken, så eg kosar meg.
Som dokke veit ventar det eit lite løp på 2,6 km imorgonkveld, og det har sommarfuglane fått til å vakne. Trur ikkje eg tør å ha med meg pulsklokka undervegs i redsel for å få sjokk. Har eigentleg lav kvilepuls og lav makspuls, men det kan jo hende klokka viser noko heilt anna. hehe...Men det skal være moro -  ikkje alvor. Det får gå om det går.

På fredag reiser vi til Sandane for sponsortreff og boksignering med Gloppen Friidrettslag. Det blir kjekt å treffe gamle gode kollegaer att, og ikkje minst få moglegheita til å gje nokre sunne gode råd til idrettsmiljøet som har betydd mykje for meg. Klubben er veldig aktiv, og har blant anna eit av dei aller beste kastarane i landet i tillegg til gode løparar.



Gler meg til dette:)

 


Klubben i Portugal for kort tid sidan..

Før avreise til Lillehammer att blir turen avslutta med ein etappe på gode gamle Oldenstafetten. Staden der du tek av for å oppleve vakre Briksdalsbreen. På damelaget opnar faktisk mine to spreke tantebarn, så dette blir moro. 
1.etappe: Ingrid Hjelle Roset, 2.etappe: Olina Roset, 3.etappe.Kristin Roset, 4.etappe: Sandra Kleppenes Sårheim,
5 .etappe: Kjersti Hjelle Eide.

Ellers må eg berre legge ved eit gladbilde av Noah i hagen i stad.



Springerinneklem
 

 

 

3 kommentarer

frekkfrue

19.04.2016 kl.22:28

Lykke til!

Liv Astrid

20.04.2016 kl.13:05

Hei.

Har du tid til å treffast i løpet av helga?

springerinne

20.04.2016 kl.13:24

Liv Astrid: Ja, kon nedom du på laurdag. Vi meldast:) Klem

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv