hits

Når det ikkje går som det skal

Som i gode gamle dagar løpte eg alltid i 20-25 minutt på morgonen viss løpet gjekk på kvelden. Sidan eg tok fri i går tenkte eg at det kunne passe fint å legge inn ein liten løpetur etter levering av Noah i bhg. Eg køyrde difor til kveldens løype og jogga roleg medan alle skuleborna blei ringt inn til time. Det høyres sikkert dumt ut i ein alder av 36, men det får så vere. Beina kjendes iallfall lette og fine og eg gleda meg til å springe så fort eg klarte 11 timar etterpå.

Men så var det denne tannpina eg har gått meg ei stund. Den eskalerte berre meir og meir utover dagen, og til slutt måtte eg drikke kaldt vatn for å kjøle ned tanna som eg visste skulle rotfyllast om ein ( heil) månad. Paracet hjalp ikkje, og då klokka blei 14.00 kunne eg ikkje anna enn å ringe desperat etter ein akutt time. Dei fleste var opptekne, men til slutt slapp eg inn rett før 16.00 - tre timar før løpet. Og med denne tannlegeskrekken, som er langt over gjennomsnittet visste eg at det einaste som dugde var å peise inn med beroligande, og la det stå til. Det tok 1,30 time før eg ble ferdig. Bestemor passa heldigvis Noahgutt, men då eg kom sjanglande heim skjønte eg at kveldens løp gjekk i vasken. Fryktleg irriterande. Ja, for no var eg klar for å utfordre denne forbaska startnummerskrekken. Arghhhh....


Så fin løype...

Vel, løpet er ferdig med over 250 på startstreken. Det synes eg er fantastisk bra oppmøte. All kred til Litrim som arrangerer Sørdalskarusellen, og det er jo berre ei veke til neste løp, og fire dagar til Oldenstafetten ( heime på Vestlandet) forhåpentlegvis med ei frisk tann!!!

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv