hits

"Those abs"

Abs on point!
Look at those abs!
Beautiful abs all around!

Trur ikkje eg treng å forklare i det vide og det breie kva denne engelsken betyr, men kort sagt magemusklar og sixpackar som florerer på Instagram m.m. kvar bidige dag.


Slik som dette blir publisert overalt..- dessverre.

Kvifor er det så forbaska nødvendig å promotere desse kroppsdelane med ein liten topp og i mange tilfeller selfiar der ein står på eit toalett og flexar? Eg tenkjer oppmerksomhetsbehov, ein voldsom måte å være oppteken av kroppen på, og i verste tilfelle ligg det ennå meir bak. Og kva i all verda skal ein  bruke desse ribba "absa" til anna enn å vise dei fram og "fortelle" at eg trenar masse, et så sunt at du ikkje treng å by meg på ein sjokolade etc...

Hadde eg vore sjukt oppteken av min eigen kropp slik eg var før, ville eg gjort alt eg kunne for å bli slik. Eg hadde trena hardt, og ete minst muleg av det som ville forsinke prosessen mot målet. Eg veit at mange på Insta er idrettsutøvarar og har trena i fleire år for å oppnå ein slik tilforma kropp, men er det ein grunn for å blottlegge seg så offentleg? Sviver det ingen tankar om at mange usikre sjeler ikkje har kunnskap om nettopp det, og trur at det er dette som er idealet idag?

Nei, eg veit ikkje kva meir eg skal sei, enn at det er skuffande å oppleve korleis dei sosiale media blir "misbrukt" på denne måten. Var eg sjuk idag hadde eg vore nøydd å slette heile Instagram kontoen. Den hadde utan tvil vore med på å forverre spiseforstyrrelsen og synet på min eigen kropp. 

Det er sikkert mange som er uenige med meg, men det får så være. Berre siste veka har eg fått fleire henvendelsar frå foreldre som har sjuke ungar heilt ned i 14 års alderen. Og sjølv om dei "berre "er ungdomskuleelevar får med dei med seg akkurat det dei vil, via internett på telefonen.

Nei takk til "those abs", og ja takk til ein normal mage som fungerer minst like bra på trening og ellers.

Springerinnklem

 

8 kommentarer

L

21.04.2016 kl.17:18

Jeg er så enig, Kristin! Jeg er glad jeg ble ferdig med den syke perioden før instagram. Tror det fort kunne blitt enda verre hvis jeg hadde blitt møtt med bilder av "abs" dagen lang, da jeg slet med spise- og treningsforstyrrelser for noen år siden..

springerinne

21.04.2016 kl.21:29

L: Eg er sjølv glad for at Insta ikkje fantes då....

Kari

21.04.2016 kl.22:43

Så bra skrevet Kristin :)

springerinne

22.04.2016 kl.08:04

Kari: Tusen takk.:)

22.04.2016 kl.15:21

Ti tomler opp til deg, Kristin. Veldig bra skrevet!

springerinne

24.04.2016 kl.21:46

Anonym: Tusen takk, og for å poengtere så er ikkje dette min mage altså.....

Inga

26.04.2016 kl.16:31

Tjah, jeg er så klart skjønt enig i at sunnhet i kropp og sjel er _viktigere_ enn utseendet, men for å være brutalt ærlig synes jeg at en six-pack er nydelig å se (og for den del ta) på, og har ikke helt lyst til å godta at det ene skal utelukke det andre.

Jeg vil også tro at det finnes mange som ikke er fornøyde med mindre enn både pose og sekk - altså har lyst til å være friske og sunne samtidig som de oppfyller sitt eget skjønnhetsideal. Tror du at god helse og et 'rippet' skjønnhetsideal alltid må være gjensidig utelukkende?

springerinne

26.04.2016 kl.20:26

Inga: Eg kan ikkje seie anna enn å være rippa er usunt for kroppen og spesielt kvinnekroppen. Men det er klart at vi er ulikt laga der nokre er naturleg muskuløse og kanskje ikkje treng å gjere så mykje for å bli rippa. Men uansett synes eg ikkje noko om ein rippa kropp når eg veit kva det kan gjere med kropp og hovud. Det er i tillegg mykje finare med ein sunn kropp som både nyter og tåler det livet har å by på.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv