hits

Melkesyre, gull og vestlandskos

Det er lenge sidan eg har fått moglegheita til å bite over gullet, men idag gjekk altså det i boks:) Eg hadde tredje etappe på rundt 800 meter for gamleklubben min Gloppen Friidrettslag, og det kjekkaste var å få pinnen av tantebarnet mitt Olina og i tillegg sjå yngste tantebarnet Johanna løpe jentestafetten rett før:) Vel, eg var vel ikkje direkte nervøs, men kjende litt på spenninga i det starten gjekk. Eg visste at skulle eg kome meg gjennom metrane som venta måtte eg porsjonere ut kreftene då det venta ein ganske så kraftig motbakke siste delen. Vi var ikkje mange i klassa, men det var moro likevel. Eg kosa meg iallfall sjølv om beina var pinnestive i det eg leverte frå meg stafettpinnen. Det blei ein solid siger til GFIL jentene til slutt. Moro!



Damelaget. Tantebarnet mitt Olina til høgre for meg i midten.


Med ny outfit for anledningen. GFIL har mange gode sponsorar, og det var også i den anledning eg tok turen til Nordfjord. Klubben inviterte alle sponsorane, utøvarar og trenarar til middag og presentasjon. Eg heldt eit innlegg om kosthold og trening.


Bror min ( som også springe), datter Johanna og Noahgutt.


Vakre Breim. I botnen ser vi så vidt Byrkjelo som har arrangert fleire friidretts NM. Her tok eg forøvrig mitt første NM gull på 800 meter ( senior).

Heime langs grusvegane har klubben sett opp meter og kilometer skilt for trening og for Gloppen karusellen som vert arrangert ein gong i veka gjennom sesongen.





Her har eg lagt ned mange meter opp gjennom.



Noah måtte også aktiviserast, og då er det fint med nærme naboar som har slike husker.



Tantebarnet mitt Ingrid ( som satsar på friidrett) og Noah.


Ut på tur:)

Eg trukje Noah hugsar så mykje frå Vestlandsbesøka våre ennå, men eg håpar det vert huska betre når han blir litt større.

Ned frå Strynefjellet.

Sponsortreff på Gloppen Hotell.



Signering av bøker likar eg.

No ventar senga etter ein lang dag og ei lang helg. Noah fann senga veeeeldig seint i forhold til vanleg, så eg er spent på når han vaknar imorgon:)

Springerinneklem

2 kommentarer

29.04.2016 kl.15:28

Gratulera med gullet, Kristin! Stafett er alltid spennande. Eg har ikkje løpt det siden skoletidå, men huska det var stor stas å væra ein av dei på laget som sprang inn til gull. Savna den tidå....

springerinne

03.05.2016 kl.08:35

Anonym: Ja stafett er moro. Følelsen av å dele ein seier saman er veldig artig.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv