hits

Kjøp boka direkte av meg

...til ein fin pris...

Det har gått to månadar sidan eg ga ut Spring for livet. Sidan den tid har eg vore heldig å få presentere boka og formidle bodskapen fleire stader.




Etter desse foredraga/boktreffa har eg reist heim med følelsen av kor viktig dette temaet er, og kor breidt det når ut. Boka er ikkje berre for idrettsutøvaren, men for alle som slit med ein spiseforstyrrelse. Den er i like stor grad aktuell for dei som er foreldre, sysken, vennar, kjærast, trenarar og lærarar. Ja eg meiner verkeleg at skular bør ha boka tilgjengeleg ved behov. Det kan ofte være enklare for begge partar med ei slik "tilnærming".



Helgas "fangst":)


Boka er til sals på nettet, og i ein del bokbutikkar, men eg har også ein liten bokbunke her. Den ynskjer eg å selge til ein fin pris. Den ordinære er 299,- , men du får den for 249,-  Send meg ein e-post på kriroset@gmail.com eller send ei melding på boka si Facebookside viss du er interessert.

Springerinneklem

2 kommentarer

Wow, gratulerer med egen bok! Så inspirerende og fint å lese om :-)

springerinne

26.04.2016 kl.20:20

Emilie Engan Bjørbu: Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv