hits

Bokras og trigging

Og der var alle bøkene borte. Eg trur dei første får dei i posten allereie idag, og har nettopp sendt siste ladning.


Heimesnekra innpakning:)

Når eg skreiv boka var eg nøye på den ikkje skal trigge nokon, uansett kor sjuk lesaren er. Det siste eg vil er jo å gjere ein ennå meir tankefull og negativt påverka. Heile meininga med boka er å være til hjelp, og gje gode råd om korleis ein kan kome seg ut av helvete. Eg har heller ikkje fått tilbakemeldingar på at den triggar negativt. I såfall vil eg vite det.

Utanom boksalget går dagane med til skriving av artiklar. I går lagde eg ei sak om bilvask. Ikkje det emnet eg pleier å lage saker om, men etter ein oppvekst med mykje bil i familien var det heller ikkje eit ukjent område. I kveld er det for øvrig Maihaugløpet der starten min går 19.33. Med tre barn i huset der alt visstnok skal skje mellom 17.30 og 20.30 må det leggast ein kabal for at eg skal få løpe, men eg trur det skal gå. Maihaugløpet er eit kjempefint løp, og veldig kupert. I starten er går det oppover som det står etter, for så å flate ut og deretter rase nedover att med ein fin motbakke inn mot mål ( vel, kor fin den kjennes ut der og då er vel ei anna sak).


Vakre Maihaugen

Ynskjer alle ein fin dag vidare.

Springerinneklem
 

 

2 kommentarer

Sara

27.04.2016 kl.11:40

Lykke til i dag! :-)

springerinne

27.04.2016 kl.21:31

Sara: Takk, no er det overstått!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv