hits

Positiv oppleving i Maihaugenløpet

I går kveld venta mitt første løp med startnummer på mange år. Med litt spent mage blei eg møtt av ei stor folkemengde i alle aldrar på vakre Maihaugen.  Fantastisk å sjå så mange som likar å springe.  Her burde det være potensiale til å arrangere løpekurs tenkte eg, men det var ingen vits i mase om det denne kvelden. Då var å springe det eg makta om stod framfor meg.


Menn aktiv var først ute..



Spente løparar. Ikkje ofte eg ser så mange "likesinna" på same stad.

Løypa på 2,3 km var hard i Maihaugen er hard. Først ei lita flate, så begynner motbakkane. Perfekt for skiløparar, og dei som er gode i motbakkar. Eg er vel ikkje den beste på akkurat det, men viss eg opna relativt moderat var det iallfall ein sjanse for ei positiv oppleving.  Eg trur det var ein smart taktikk, for hadde eg spurta ut slik som mange andre ville det gått gale. Første delen gjekk derfor kontrollert for seg, og eg kunne auke på litt etter litt. Likevel pusta eg som ein belg når nedoverbakkane begynte på slutten, men følelsen av å løpe forbi ga meg litt meir krefter. Det enda med seier i klasse 35-39 år ( ja så gammale er eg blitt...) og nummer 18 av 99 damer. Ikkje som i gamle dagar, men med tanke på mine mindre gode motbakkeevner kunne eg jogge ned med eit smil om munnen.  Og så har eg endeleg utfordra startnummerskrekken på ordentleg.

 


Maihaugen: Vakrare omgjevnader for eit onsdagsløp skal ein leite lenge etter.


Primus motor av Sørdalskarusellen, Finn Olsen.


Starten gjekk like ved denne stavkirka.


Litt sliten etterpå ja...



Men raskt oppe å gå att:)

Viss du vil sjå bilder og resultat klikkar du HER & HER.

Neste løp blir Holmenkollstafetten , og forhåpentlegvis Hovemoenløpet på 4 km den 12. mai. Det går i skauen eg trenar i til vanleg, og då kan eg ikkje anna enn å møte opp.

No er det Noahkos her ( tidleg oppe som vanleg), deretter jobbings, og kanskje ein roleg løpetur seinare for å løyse opp støle bein. Ha ein fin dag:)

Springerinneklem

2 kommentarer

29.04.2016 kl.15:24

Gratulera med vel gjennomført løp, Kristin!

springerinne

03.05.2016 kl.08:36

Anonym: hihi tusen takk. Gjorde mitt beste:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv