hits

Mitt nye arbeidsverktøy

Sidan eg var ferdig utdanna journalist i 2004 har eg jobba innanfor media og kommunikasjon. Det begynner å bli nokre år med skriving og ein del fotografering, og dei beste åra forutanom dagen idag, var då eg jobba som redaktør for Magasinet Birken. Det heitte forøvrig Birkebeiner`n fram til siste året i jobben, og eg hugsar som om det var i går, kor skummelt det var å ta den lange reisa frå Stavanger ( som eg budde på den tida) til Askim for å gå igang med dette store ansvaret. Eg hadde knapt vore i Østfold før, og eg merka raskt undringa til lesarane då eg sa at eg ikkje jobba på Lilehammer, men nær svenskegrensa i indre Østfold. Eg gløymer heller ikkje lengselen etter sjøen, etter fjella og den friske gode lufta. På min nye heimstad venta det skog og flate jorder. Eit ukjent landskap og ein ukjent stad. Men eg trivdes frå første dag i det som den gong heitte Sportmedia. Vi ga ut mange magasin, som blant andre Friidrett, Skisport og Norsk Golf. 



Å skrive er noko av det kjekkaste eg veit, og med to utgjevne bøker på lista i tillegg til magasin, avis og bloggskriving stortrives eg, om ikkje ennå meir, med tastaturet og å lage saker.

Mitt viktigaste verktøy er difor PC en, eller no Macen. Eg har vore trofast til PC i alle år, men i går var det slutt. Etter at min to år gamle maskin ikkje ville meir, bestemte eg meg for å skifte beite og investerte i ein heilt ny Mac Air. Og eg kan ikkje anna enn å seie meg svært fornøgd med valget. Utålmodig som eg kan være til tider, er det magisk å kunne starte skrivinga med eingong eg opnar loket på Macen. Så får det heller ha sin pris i reine slantar.



No ligg snøen pent planta på plenen her. Litt rart å tenkje på når eg gjekk og sveitta i ei tynn jakke for to dagar sidan medan eg beskjærte epletre og drog opp tistlar i hagen. Føler ikkje for å sjå det kvite teppet på ei god stund ennå akkurat. Noah er som han pleier, i full fart. Beina går så det grin etter, og han har funne ut at klatring er veldig spennande. Her er det dermed ikkje noko rom for å snu seg vekk for lenge.


Ja, han springe til og med i lufta:):)


Ynskjer dokke ein fin laurdagskveld vidare, og god søndag. Til slutt vil eg sende gode tankar til alle som er berørt av helikopterulykka på Sotra. Eg har fulgt med på alle nyheiter, og kan ikkje anna enn å sitje med hjerte i halsen. Det er brutalt og heilt forferdeleg.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv