hits

Når er du frisk frå ein spiseforstyrrelse?

Eg får ein rekke spørsmål om kva som eigentleg er å vere frisk frå ein spiseforstyrrelse. Er eg frisk sjølv om eg fortsatt tenkjer på mat og trening? Er eg frisk sjølv om eg får dårleg samvit etter ei helg med chips og smågodt? Er eg frisk om eg fortsatt studerer ingredienslista på matvarene?
Eg kunne nok stilt ennå fleire spørsmål, men dokke skjønar kvar eg vil.


Blir bra med aktivitet med denne karen også...eg er så glad for at eg kan vere der for han heile tida og ikkje la ein fordømt spiseforstyrrelse øydelegge.

Det å seie at ein er frisk frå ein spiseforstyrrelse er eit stort steg å ta, fordi ein ikkje er heilt sikker. Ein er aldri garantert å få tilbakefall, ein kan fortsatt få dårleg samvit for alt ein har trøkt i seg i løpet av ei helg og ein kan få tankar midt i veka om at det er for lenge sidan eg trena. No MÅ eg berre ut. Er ein då sjuk fortsatt? 

Den gongen eg skilde meg og flytta frå ekteskap og stort hus, til ei lita leilighet langt frå familie blei min store test på korleis psyken min eigentleg var. Viss eg klarte denne overgangen med å ete normalt, kose meg i helgane, takke ja til invitasjonar og trene moderat var eg frisk. For, tida som sjuk ville aldri takla dette. Då hadde eg ete minimalt, gravd meg ned i depresjon, sagt nei til alt det sosiale og trena for harde livet.

Ingenting av dette skjedde. Eg kjende meg fri på alle måtar og det gjorde meg berre sterkare og sterkare.
Eg hadde derimot aldri klart dette utan den gode hjelpa eg hadde frå "dama" mi, og medisinen eg fortsatt gjekk på. Det viser berre kor viktig det er å ikkje kutte ut dei gode samtalane sjølv om ein føler seg "ovenpå".


Bilde frå Allers, som snart kjem ut med stor reportasje...Skal sei frå.

Så tilbake til spørsmåla; Er eg frisk sjølv om eg fortsatt kan få eit stikk av dårleg samvit for å ha ete for mykje eller trena for lite? Ja, så lenge du kan stå opp om morgonen utan å måtte ut og trene for å fortene frukost, utan å ha planen klar slik du hadde før og så lenge du ikkje gjennomfører dei sjuke handlingane frå fortida på grunn av nokre idiotiske tankar som dett ned i hovudet. Og ikkje minst viss du kan vere spontan og gjere akkurat det du vil. 

Eg kan kjenne på dette. Ja, dårleg samvit etter ei helg med mykje kos og lite aktivitet. Då kjennes kroppen litt oppblåst og ikkje heilt i hundre, men eg gjer ingen sjuke handlingar av den grunn. Då seier eg tii meg sjølv at dette berre er tull å tenkje på, og så er eg ferdig. Dagen etter er det gløymt.


Å ta bilder under en løpetur kunne eg aldri ta meg tid til før, men no er det litt annleis og så godt med ein pause då gitt.

Vel, vi er alle individuelle, men likevel trur eg dei fleste med ein spiseforstyrra bakgrunn vil bære det med seg dette i lang tid etter at ein er frisk. Eg har akseptert akkurat det, og eg kjenner ikkje at det plagar meg nevneverdig, Det er ein del av historia mi, ein del av fortida som aldri vil bli gløymt verken i minnet eller i kvardagen. Likevel nyter eg livet som alle andre. Eg et chips, smågodt, pizza, burger etc. Ja eg trenar, men føler eg meg sliten og daff hoppar eg over økta, og venter til neste dag. Gode opplevingar under treninga er blitt mykje viktigare enn å kome dausliten heim og kjenne meg uvel og deppa.

Eg veit ikkje om dette var til hjelp for nokon, men eg følte berre for å fortelje det som eg har svart privat til andre.

Springerinneklem

 

2 kommentarer

02.05.2016 kl.22:28

Takk for at du deler dine tankar og erfaringer, Kristin. Du er ein flott motivator mot frisk livet!

springerinne

03.05.2016 kl.08:34

Anonym: Tusen takk for gode ord.:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv